Hopp til innhold

– På grensen til sensasjon

Ebbesvik imponerte i Le Mans.

Thor-Christian Ebbesvik i Le Mans

Thor-Christian Ebbesvik køyrde inn til femteplass i Le Mans.

Foto: TCE Racing

Thor-Christian Ebbesvik køyrde så imponerande i sin debut i Le Mans Series at internasjonal motorpresse kalte prestasjonen "på grensen til sensasjon".

Imponerande femteplass

– Daily Sportscar skreiv i helga at min prestasjon bak rattet var "well managed, emerging sensation", og det er jo ei anerkjenning å ta med seg, seier ein strålande fornøgd Thor-Christian Ebbesvik etter dagens femteplass i åpningsrunden i Le Mans Series på Paul Ricard i Frankrike.

Ebbesvik køyrer ein Zytek for Team Bruichladdich i LMP2-klassen saman med førarane Tim Greaves og Karim Ojjeh, og nok en gong var Ebbesvik desidert raskast på bilen.

Thor-Christian Ebbesvik

Thor-Christian Ebbesvik imponerte i Le Mans.

Foto: Picasa 2.7

Hadde startproblem

– Me hadde ikkje ein heilt ideell kvalifisering, men klarte likevel femte startposisjon. I løpet kunne me ha hamna på seierspallen, men motoren stoppa kvar gong me hadde eit depotstopp, og me brukte tid på å få starta den igjen. Men me imponerte på banen, og fekk mange gode tilbakemeldingar på køyringa, seier 26-åringen fra Bergen.

Det er fyrste gong ein nordmann deltar i Le Mans Series, og i juni skal Thor-Christian Ebbesvik òg køyre 24-timarsløpet på Le Mans, og vert der den fyrste nordmannen på 19 år.

– Eg gler meg til resten av sesongen i Le Mans Series, og spesielt 24-timarsløpet på Le Mans, seier han.

Neste utfordring for Thor-Christian Ebbesvik no er eit løp på Spa i Belgia den 9. mai, før 24-timarsløpet på Le Mans den 12. og 13. juni.