Hopp til innhold

– Noreg er avhengig av utanlandsk helsepersonell

Ved to tilfelle har svenske helsearbeidarar teke med seg koronasmitte til norske sjukehus. – Det syner kor sårbare vi er, seier nestleiar i Norsk Sjukepleiarforbund.

Diakonhjemmet under koronapandemien

KOSTBART: Norsk Sykepleierforbund vil ha mindre bruk av utanlandske helsevikarar. Biletet er teke på Diakonhjemmet i Oslo i samband med koronapandemien.

Foto: Heiko Junge / NTB Scanpix

26. juni fekk ein svensk vikarlege påvist koronasmitte ved Nordfjord sentralsjukehus. Smitten førte til at 39 tilsette og pasientar hamna i karantene og isolasjon.

– Vi har åtvara mot dette tidlegare. Det syner kor sårbare vi er fordi vi har gjort oss avhengige av innleigde vikarar, seier Silje Naustvik, nestleiar i Norsk Sjukepleiarforbund.

Ho meiner ordninga med å leige inn vikarar både er ei dyr og kortsiktig løysing.

– Vi veit at nesten alle norske kommunar og helseføretak brukar utanlandsk helsepersonell i periodar.

Naustvik viser til at det er ein sjukepleiarmangel i Noreg som berre vil auke framover, noko ho er redd kan gå ut over pasienttryggleiken. Særleg i distrikta kan rekruttering vere utfordrande, ifølgje nestleiaren.

– No må helseministeren på bana. Det er faktisk ei krise når vi bruker så mange milliardar av kroner på å leige inn vikarar. Vi må sikre gode og likeverdige helsetenester for heile befolkninga, også i framtida.

Nestleder Silje Naustvik i Norsk sykepleierforbund

KOSTBART: – Kommunar og sjukehus leiger inn utanlandske helsevikarar frå bemanningsbyrå for milliardar av kroner kvart einaste år, seier nestleiar Silje Naustvik i sjukepleiarforbundet.

Foto: Kristin Henriksen

– Etisk problem

Også ved Helgelandssjukehuset i Sandnessjøen testa ein svensk vikarsjukepleiar positivt for korona førre fredag. No er den kirurgiske avdelinga stengt.

Kristin Kornelia Utne, leiar i Yngre legars foreining, meiner det er problematisk at Noreg har gjort seg avhengig av legar og sjukepleiarar frå utlandet.

– Noreg er avhengig av utanlandsk helsepersonell for å få helsevesenet til å gå rundt. Dersom det skulle skje noko, slik som ved ein pandemi, så risikerer vi å bli ståande utan adekvat spesialisering, seier ho.

Utne fortel at nyutdanna legar i Noreg ikkje får spesialisert seg fordi det er mangel på spesialiseringsplassar. Eit etisk problem, meiner ho.

– Det er viktig at Noreg utdannar nok spesialistar til vårt behov, og sørgjer for at vi som eit av dei rikaste landa i Europa ikkje er avhengige av at andre fattigare land skal bidra med sine spesialistar inn i vår helseteneste.

Kristin Kornelia Utne

Kristin Kornelia Utne i Yngre legars foreining.

Foto: Yngre Legers Forening

Utne får støtte frå kommuneoverlege i Stryn, Marius Solbakken. Også han meiner helseføretaka har blitt for avhengige av utanlandske helsevikarar.

– Ferdig utdanna legestudentar som ventar på å starte på spesialiseringa si, må få tilbod om plass for å kome i gang, seier Solbakken.

Nye studieplassar

Statssekretær Inger Klippen i Helsedepartementet påpeiker at det er helseføretaka sjølve som er ansvarlege for å ha tilstrekkeleg bemanning til å sikre forsvarleg drift.

Ho seier det er utfordrande å rekruttere tilstrekkeleg kompetent helsepersonell ved norske sjukehus og i kommunane, og særleg i sommarferien.

Statsekretær Inger Klippen, HOD

Statssekretær Inger Klippen i Helsedepartementet.

Foto: Anita Hamremoen / HOD

– Då er innleige av helsepersonell frå utlandet heilt naudsynt. Det er likevel geografiske forskjellar i behovet for innleige av utanlandsk helsepersonell.

Klippen vedgår at sjukepleiarmangel er ei av dei største utfordringane i helsesektoren, men seier regjeringa jobbar kontinuerleg med å skaffe fleire sjukepleiarar.

I det reviderte nasjonalbudsjettet for 2020 har regjeringa tildelt 250 nye studieplassar til bachelorstudiet i sjukepleie og det er tildelt 200 nye studieplassar for vidareutdanning av sjukepleiarar, opplyser statssekretæren.