Hopp til innhold

– Navarsete må skvære opp

Stortingskandidat for Senterpartiet, Jenny Følling meiner Liv Signe Navarste og leiaren for Senterungdommen må møteast og skvære opp.
 

Fredag blei det kjent at Navarste skal ha skjelt ut leiaren i Senterungdomen Sandra Borch under eit folkemøte i Dyrøy i Troms.

- Har det vore ein uheldig episode, må dei skvære opp, seier Følling.

Sp-leiar Navarsete vil ikkje kommentere saka før måndag. Då skal ho ha eit oppklaringsmøte Senterungdomen sin leiar.