Hopp til innhold

Hevdar NAV la feil sjukdom til grunn for avslag om pleiepengar

Då familien søkte NAV om pleiepengar frå NAV til Sverre (2), la sakshandsamaren feil sjukdom til grunn for avslaget.

Sverre (2) har den sjeldne sjukdomen øsofagusatresi

MERKSEMD: Vesle Sverre lir av ein sjeldan sjukdom og avheng av ein heilt spesiell diett for å overleve. Men NAV vil ikkje betale dei tusenlappane spesialmaten kostar.

Foto: Johan Moen / NRK

Sakshandsamarane kontakta ikkje ekspertar for å få informasjon og fatta vedtak i saka ut frå at Sverre hadde epilepsi.

Og ikkje den livstrugande sjukdomen Øsofagusatresi.

– Sakshandsamaren hadde ikkje teke kontakt med konsulterande lege. I staden tenkte ho at Sverre hadde epilepsi, for det kunne ho ein del om. Så ho såg for seg at anfalla Sverre har, minna om epileptiske anfall, fortel mor Mari Saltkjel.

– Heilt urimeleg

Saka om den to år gamle guten og familien har vekt stor merksemd dei siste dagane. Sverre lir av Øsofagusatresi, ein sjukdom som gir livsfarlege misdanningar i matrøyr og pusterør. Einaste likskapen til epilepsi, er at sjukdomen sluttar med bokstaven «i».

Bjørn Gudbjørgsrud

AVVISER: Bjørn Gudbjørgsrud i NAV.

Foto: NAV

Familien rettar krass kritikk mot NAV, mellom anna fordi dei ikkje har fått støtte til guten sin spesielle diett.

– Dette verkar heilt urimeleg, slik desse blir behandla. Dei treng hjelp, ikkje vanskar. Det er frykteleg å høyre, seier stortingsrepresentant for KrF, Laila Dåvøy.

– Tvilte ikkje på diagnose

Arbeidsminister Anniken Huitfeldt seier at ho ikkje kan gripe inn i denne saka og viser til at saka er til behandling i Trygderetten.

Tenestedirektør i NAV, Bjørn Gudbjørgsrud, meiner på si side at dei ikkje har lagt feil diagnose til grunn for avslaget.

– Når vi har gått inn og sjekka det, så er nok vår forståing at det har vore ein kommunikasjonssvikt. Vi har ikkje trekt diagnosen i tvil, seier han.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Har du eit barn med sjelden sjukdom, og treng hjelp frå NAV - e sjansen liten for at du får den hjelpa du treng. Forsking viser at NAV-tilsette i liten grad høyrer på foreldre eller fagfolk når søknader skal vurderast

SJÅ TV-SAKA: Mari Saltkjel fortvilar over den manglande forståinga familien møter hos NAV.

– Kontakt lege

Men Saltkjel held på sitt.

– Avslutninga på den samtalen var at vi skulle sende inn legeerklæringane, slik at dei kunne lese om Øsofagusatresi og det legane sa om Sverre i staden for å spekulere om epilepsi. Så rådde vi dei å ta kontakt med ein konsulterande lege, seier ho.

– Dersom familien har oppfatta det slik, så meiner eg det er grunn til å beklage det. Men basert på den informasjon eg har innhenta, så har ikkje vi stilt diagnosen i tvil, avsluttar Gudbjørgsrud.