Hopp til innhold

– Nærare å finne Dung for kvart tips som ikkje stemmer

Det er snart sju år sidan 22 år gamle Dung Tran Larsen forsvann frå heimen sin i Krabbedalen i Bergen. Det kjem framleis nye tips i saka. Etterforskingsleiaren vil ikkje utelukke nokon av dei.

Tore Salvesen
Foto: Ingrid Tangstad Hatlevoll / NRK

– Ho har to barn som framleis ikkje har fått svar på kva det var som skjedde med mor deira. Det er viktig at dei ein gang får vite.

Etterforskingsleiar, Tore Salvesen, forklarar kva som motiverer han til å halde fram med leitinga etter sju år.

Det har blitt gjennomført meir enn femti søk etter kvinna som vart meldt sakna 20. juli 2007. Utallige tips har blitt sjekka ut, men politiet har ikkje klart å finne ho.

Leter etter Dung Tran Larsen i Rådalen.

50 SØK: Politiet har leita mange stader etter Dung Tran Larsen, mellom anna ved søppelanlegget i Rådalen.

Foto: Kjell Jøran Hansen / NRK

– Eg er like sterk i trua no på at me skal klare å finne ut kva som skjedde. Me jobbar kontinuerleg med saka, og for kvar gong me sjekkar ut eit tips nærmar me oss svaret, seier Salvesen.

Jobbar med å vurdere nye tips

Politiet graver opp hagen til Dung Tran Larsen

LEITER: Her grev politiet opp hagen utanfor huset til Dung Tran Larsen.

Foto: MMS: Mari Stephansen / NRK

Ein person som skal ha sett noko i det aktuelle tidsrommet ringte måndag denne veka til politiet. Politiet vurderer no kva dei skal gjere med tipset, og kva dei kan få ut av det.

– Personen sa at han hadde hatt dårleg samvit i sju år, seier Salvesen.

Det har òg kome inn fleire tips frå folk som hevdar dei er klarsynte.

– Det siste tipset er me ikkje ferdige å vurdere. Tips frå dei synske blir vurdert på lik line med alle andre tips. Me vurderer kva som ligg i det og kva me kan gjere med det.

– Er du ein overtruisk mann?

– Nei, det trur eg ikkje at eg er. Men at det er meir mellom himmel og jord enn det me kan ta på, føle på og sjå, det må det vere. Så har eg bestemt meg for at me ikkje kan halde nokon moglegheiter ute, så lenge me ikkje har funne ho.

Salvesen oppmodar andre som kan vite noko om korleis Dung Tran Larsen forsvann til å ta kontakt med politiet.

– Nokon der ute sit sansynlegvis med med opplysningar som kan vere viktige, men som dei kanskje ikkje veit om.

Politiinspektør og sjef for Bergen vest politistasjon er fredagsgjest i Vestlandsrevyen og snakker om Dung Tran Larsen. Interjvuer: Halvor Folgerø.

Tore Salvesen var fredag denne veka gjest i Vestlandsrevyen.