Hopp til innhold

– Det er ikkje rart at ungdomen tek dop. Det er billigare å bli høg på stoff, enn full på alkohol.

– Då eg var 18, 19 år kasta dei meg ut frå Nygårdsparken fordi eg var for ung. No står der femtenåringar og dealar, seier Roger Thorsvik. Han meiner aksjonane politiet har hatt mot narkotika på skular er meiningslause.

Rusmisbrukar om narkoaksjonane i Bergen

Foto: Adalheidur Oldeide Redigering: Tim Wassmo

Ingen vaknar opp ein dag og tenkjer; I dag skal eg bli heroinist på heiltid.

Roger Thorsvik

I meir enn ti år har 32-åringen frå Bergen rusa seg kvar veke. Han fortel om eit miljø som har blitt hardare, og om brukarar som stadig blir yngre.

– Det er blitt meir organisert. Billigare. I dag kostar det meir å bli full på alkohol, enn å bli høg på dop.

Denne veka aksjonerte politiet på sju skular i Bergen. Over 40 avgangselevar vart tekne for brot på narkotikalova. Thorsvik meiner aksjonane er meiningslause.

– Det har aldri vore meir dop i Noreg enn i dag

Roger Thorsvik

HAR RUSA SEG I SNART 15 ÅR: Roger Thorsvik har rusa seg kvar veke i over ti år. I dag er han heroinmisbrukar.

Foto: Adalheidur Oldeide / NRK

Som det oftast gjer, byrja Thorsvik med rus i tenåra. Det var uskyldig moro, og dop var berre endå ein moglegheit til å ha det kjekt i helgane, ifølgje han sjølv.

– Det var som å vera i ei verd ingen forstod. Det var spanande og kult. Det var liksom dei kule gutane som dreiv med dop. Sånn trur eg det framleis er for dei unge.

Han byrja med hasj, deretter amfetamin og piller. Stort sett det han fekk tak i ifølgje han sjølv.

I dag er han heroinist.

– No er det ikkje lenger for festen si skuld. No er eg blitt ein av dei som tek heroin for å bli frisk.

– Det var ikkje akkurat planen at eg skulle enda opp som junkie. Sjølv om det av og til verkar som om folk trur det er noko eg har valt sjølv.

– Miljøet har endra seg

Han jobbar som seljar for gatebladet Megafon. Stort sett er folk positive, men det hender at folk blir sure når dei ser han og meiner han snyltar på godviljen til folk.

– Men ingen vaknar opp ein dag og tenkjer; I dag skal eg bli heroinist på heiltid.

I Oslo og Bergen tek det meg ti minuttar å finna ein fyr eg aldri før har sett som eg kan kjøpe stoff av. Er ikkje det sjukt?

Roger Thorsvik

Han seier miljøet har endra seg mykje dei siste fem, seks åra.

– Det har aldri vore meir dop i Noreg enn det er i dag.

– Korleis veit du det?

– Eg ser det. Det var mykje dop i skulane då eg gjekk på vidaregåande, men det er mykje meir i dag. Det florerer.

– Dessutan ser ein det i parken. Snittalderen der har sunket dei siste åra. Før såg ein ingen under 20 år der oppe, no er det heilt vanleg at tenåringane er der, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Roger Thorsvik

PÅ JOBB: Til dagleg jobbar han som seljar for gatemagasinet Megafon i Bergen.

Foto: Adalheidur Oldeide / NRK

Meir, billigare og yngre brukarar

Thorsvik fortel at han har reist mykje i utlandet, men at ingen stad kan samanliknast med Noreg når gjeld tilgjengelegheita til narkotika.

– I Oslo og Bergen tek det meg ti minutt å finna ein fyr eg aldri før har sett som eg kan kjøpe stoff av. Er ikkje det sjukt? Det er heilt utruleg enkelt å få tak i dop her. Men det har ikkje alltid vore slik. Tidene har endra seg, seier han.

Denne veke gjennomførte også politiet i Nordhordland narko-razzia mot ti ungdommar heilt ned i 14-årsalderen. Ytterlegare 20 ungdomar er i politiet sitt søkelys for hasjrøyking.

Ifølgje han er det ei naturleg årsak til at brukarane er yngre i dag enn før.

– Når det er billigare å bli høg på dop enn å drikke seg full på byen, då er det eit enkelt val for mange om korleis dei skal ruse seg på fest i helga.

LES OGSÅ: Takkar politiet etter razzia

– Politiet har feil fokus

beslag på skoler

FUNN: I januar fant politiet store mengder hasj på veg til Bergen.

Foto: beslag på skoler

I underkant av 100 politifolk var i sving i forbindelse med pågripelsar og avhøyra av avgangselevane som vart tekne i narkoaksjonen på skulane i Bergen denne veka. Elevane fekk heimane ransaka, og politiet har gjort funn av cannabis, kokain, MDMA og LSD.

Thorsvik meiner politiet brukar ressursane sine på feil stad.

– Det er fint at dei tek elevane, for all del. Men kvifor bruke kreftene sine på desse ungdomane? Eg syns ikkje dei skal ta folk som allereie ligg nede. Det er bra at dei går inn i skulane og viser seg fram, men eg syns politiet har heilt feil fokus.

Politiinspektør Morten Ørn, leiar for Bergen sør politidistrikt, seier til NRK at bydelen vil halde fram med å forfølge rusbrukarar i ungdomsmiljø i land tid framover.

– Kva meiner du politiet bør gjere?

– Eg veit ikkje, men eg tvilar på ungdomane blir skremt av aksjonane til politiet. Det hadde aldri eg blitt då eg var 18.