Hopp til innhold

– Maskiner kan ikkje erstatte folk

FØRDE (NRK): Seks nye stasjonar skal lette køen på Coop Extra i Førde. Men kundane vil ikkje miste dei tilsette.

Anne Marie Mandelid

NØGD. – Det er fint at vi fått tilbod om både betjening i vanleg kasse og at vi kan gjere det sjølve om tida er knapp, seier handlande Anne Marie Mandelid.

Foto: Eli Eikenæs Vengen / NRK

– Det fungerer veldig bra og går fort. Å sleppe køen er viktig, men vi treng at det er betjening her og, seier handlane Anne Marie Mandelid.

Oppteken av dei tilsette

Ho er i full gang med å skanne inn sine eigne varer i butikken i Førde. Pip, pip, pip seier det, og varene er registrerte og kan puttast i posen.

– Det er ikkje vanskeleg i det heile, og det er jo folk her som kan hjelpe til om det er noko ein ikkje klarer, seier ho.

– Er dette eit tilbod som fleire bør satse på?

– Ja, kvifor ikkje, spør ho, men legg til at det er viktig at ikkje folk mister arbeidet når maskiner gjer sitt inntog i butikkane.

Maskiner erstattar ikkje folk

Og det forsikrar direktør i Coop Vest, Geir Espe.

– Vi har teke vekk nokre kasser for å få plass til desse sjølvbetente stasjonane. Men ingen har mista jobben. Dei er plasserte ute i butikken i staden.

– Er det berre positive ting med at menneske vert bytta med maskiner?

– Vi kallar det ikkje eit bytte. Dette er eit supplement til vanlege kasser. Og vi har tilsette som har som jobb å hjelpe kundane som bruker maskinene og ikkje heilt får det til. Dette er ein del av satsinga vår på utvikling, seier han.

For Espe er klar på at også matbutikkar må halde tritt med utviklinga.

– Vi kan ikkje setje oss bakpå og seie at alt var betre før. Vi må omfamne det som er nytt og innovativt. Eg trur vi taper om vi ikkje gjer det.

(Artikkelen held fram under biletet)

Geir Espe

UTVIKLING: – Eg meiner dei som ikkje torer prøve nye ting vil tape kundar. Vi må følgje trendane i tida, seier direktør i Coop Vest, Geir Espe.

Foto: Eli Eikenæs Vengen / NRK

– Eit godt supplement

Nestleiar i Handel og Kontor region vest, Tor Andreas Bremnes, meiner det er viktig at ein er med på utviklinga, men at det er viktig å reflektere rundt kvifor det skjer.

– Dei sjølvbetente kassene er eit godt supplement til dei tradisjonelle kassesystema, men det er viktig at dette ikkje går ut over dei tilsette, seier han.

Tillitsvalde opplever jaget etter innsparing i fleire bransjar som ein trugsel. Handel og Kontor håpar den teknologiske utviklinga vil føre med seg positive ringverknader.

– Eg håpar at arbeidsgjevarane gjev rom for varierte arbeidsoppgåver og god opplæring, slik at dei tilsette får vere fagarbeidarar i sitt yrke, seier Bremnes.