Hopp til innhold

– Må feie for eiga dør først

– Frp og Høgre sin kamp for fødeavdeling akuttberedskap er ein gedigen politisk bløff. Det seier SV-politikar Norvall Nøringset.

Norvall Nøringset
Foto: Cosmin Cosma / NRK

Han meiner Framstegspartiet og Høgre må feie for eigne dører i sjukehuspolitikken i staden for å skyte på kvarandre.

I sjukehusstriden i fylket skyt no alle på alle, etter fylkestingsvedtaket der heile det borgarlege mindretalet kravde fortsatt føde og akutt ved lokalsjukehusa.

Fredag gjekk Frank Willy Djuvik til frontalangrep på Høgre som stod saman med Frp i fylkestinget, men i etterkant seier dei ikkje har bestemt seg.

Men Nøringset set Høgre og Frp i same båt, og seier at for alle burde det no dreie seg om å redde det som reddast kan av spesialisthelsetenestene.