Hopp til innhold

– Kan vera fleire utnytta born

Born kjøpt og solgt i omfattande menneskehandelsak. Politiet leitar etter fleire bakmenn.

Rudolf Christoffersen, politiadvokat i Hordaland politidistrikt

Politiadvokat Rudolph Christoffersen vil halde dei sikta i varetekt.

Foto: NRK

Seks personar er sikta for å ha frakta mindreårige born fra Romania til Bergen og andre stader i Norge for å stele og tigge.

Fem av desse vert i dag framstilt for vidare varetektsfengsling.

– Det var ei sak som starta i oktober då to rumenske jenter på 15 og 17 år vart pågrepe for eit tjuveri, seier Rudolf Christoffersen, politiadvokat i Hordaland politidistrikt.

LES ÒG: Fire sikta for menneskehandel

Ut frå dette fatta politiet mistanke om at dei to jentene ikkje hadde kome til Norge frivillig, og at det var andre, vaksne personar som stod bak.

Pågreip fleire

I løpet av dei to neste dagane vart fire personar pågripne. Politiet har samarbeidd med svenske og rumenske styresmakter i etterforskinga av saka.

– Det går mellom anna på å kartleggje deirar identitet. Eit av borna har to identitetskort, seier han.

LES ÒG: Flest menneskehandlere tas i Bergen

I dag skal fem av dei seks sikta stille på fengslingsmøte. Den sjette skal i fengslingsmøte i januar og ein sjuande person er etterlyst over heile Europa.

Nektar straffskuld

I alt er fem born tekne hand om av barnevernet i Norge og ein av svensk barnevern. Ingen av dei seks sikta erkjenner straffskuld. Mellom dei klienten til forsvarsadvokat Amund Bjørnsen.

– Ho seier ho kom til Norge som ein del av ei vanleg reise i regi av romfolket kor dei skulle delta på festivalar her i landet, fortel Bjørnsen.

Må haldast

Men Christoffersen meiner like vel dei sikta må haldast i varetekt. Ein kan ikkje utelukke at fleire både born og vaksne er involverte i saka.

– Påtalemakta meiner det framleis er grunnlag for å halde desse i varetekt. Etter det me kan sjå er det ei omfattande sak med mange involverte. Det er usikkert kor mange born som kan ha vore utnytta i saka, så under etterforskinga må dei sikta framleis sitje i varetekt så me får kartlagt omfanget og etterforska saka på ein riktig måte.

Flere utenlandske sex-selgere | Tiåring funnet forlatt