Ministeren blei inspirert av tilsette i helsesektoren som tenker annleis

Tilsette ved ein sjukeheim i Bergen ønskjer å jobba lenger i helger for å få lenger friperiodar. Arbeids- og sosialminister Robert Eriksson er positiv til forslaget.

Tilsette ved Ladegården sykehjem i Bergen ynskjer seg ein ny type arbeids-turnus, med lengre jobbeperiodar i helgene og lengre friperiodar. Arbeids- og sosialministeren er positiv til forslaget.

VIDEO: Dei tilsette ved Ladegården sykehjem sine meiningar gjorde inntrykk på arbeids- og sosialminister Robert Eriksson.

Ved Ladegården sykehjem i Bergen ønskjer dei tilsette å endra på arbeidsturnusen dei følgjer i helgene. Dei ønskjer å gå over til det som blir kalla nordsjøturnus, der dei går 13 timars vakter i helgene og får lenger friperiodar når dei har fri.

Nina Langeland

JOBBA LENGER: Sjukepleiar Nina Langeland og kollegaene hennar ved Ladegården sykehjem vil gjerne jobba lenger på helgevakter.

Foto: NRK

– Når me får jobba lange vakter i helgene skaper det større tryggleik for bebuarar, tilsette og pårørande, meiner sjukepleiar Nina Langeland som jobbar på Ladegården sykehjem.

Avdelingsleiar Kjersti Tollefsen ved sjukeheimen deler dette synet.

– Me meiner at det ikkje vil skapa helseproblem. Me kan ikkje sjå at det skal vera eit problem i det heile tatt, seier Tollefsen.

Meldt seg ut av Fagforbundet i protest

Fagforbundet er derimot ueinig og seier nei til forslaget. Forbundet meiner tunge arbeidsøkter vil gå på helsa laus og ikkje gi eit betre tilbod til bebuarane.

– Me er veldig misfornøgde med at forbundet trur at dei veit betre enn medlemmene sine. Me er jo vaksne folk som veit sitt eige beste, seier Nina Langeland.

Robert Eriksson

POSITIV TIL ANNLEIS TURNUS: Arbeids- og sosialminister Robert Eriksson synest det er bra at dei tilsette på Ladegården sykehjem tenker turnus på alternative måtar.

Foto: Mette Anthun / NRK

Usemja har ført til at fleire tilsette ved Ladegården sykehjem har meldt seg ut av Fagforbundet. Dette fekk arbeids- og sosialminister Robert Eriksson (Frp) høyra om då han i dag besøkte sjukeheimen.

– Eg er veldig inspirert over det dei tilsette har fortalt meg i dag, med ein annan måte å tenka alternative turnusar på, seier Eriksson.

Regjeringa vil ha fleksibilitet

Bergen kommune har tatt saka til dei tilsette ved sjukeheimen vidare og søknaden ligg no hos Arbeidstilsynet.

– Eg håpar absolutt Arbeidstilsynet ser moglegheita til å få denne arbeidstidsordninga i gang, seier Hilde Onarheim, byråd for helse og omsorg i Bergen kommune.

Frå regjeringa si side blei det i dag lova at dei vil sjå på ei ny arbeidstidsordning så snart som mogleg.

– Eg trur det går an å finna raske gode løysingar. Regjeringa sin politikk er ganske klart på dette området. Me ønskjer å legga til rette for fleksible arbeidstidsordningar og alternative turnusar, seier Robert Eriksson.