– Ikkje føl deg pressa til noko

Politiet har i kveld fått melding om at det er ein omreisande stigeseljar i området Stavang i Flora kommune. I den forbindelse ønskjer politiet å gjere folk merksame på at det er frivillig om ein vil handle med denne typen omreisande seljarar. På sin logg kjem dei med ei generell åtvaring, og ber folk om å ikkje føle seg pressa til å kjøpe noko.