– MÅ RYDDE OPP: Det skal vere full openheit om honorar, seier Høgre-leiar Erna Solberg, her fotografert utanfor den britiske statsministerbustaden.
Foto: Gry Blekastad Almås / NRK– Erna Solberg er jo frå Bergen, og dette med at Halleraker har nære band til bompengebransjen burde ho vite. Rykta har gått, men først når VG slår det opp, grip partileiinga inn. Det burde dei gjort for lenge sidan.
Det seier Hallgeir Langeland (SV), etter at VG torsdag kunne fortelja at Øyvind Halleraker trekkjer seg som samferdslepolitisk talsmann - i allfall for ei tid. Halleraker sjølv har ikkje vilja kommentere saka.
VG fortalde torsdag at Halleraker i årevis har motteke honorar som visepresident i den europeiske lobby-organisasjonen for bompengar, ASECAP.
Dette har han ikkje meldt inn til Stortinget, trass i at han var folkevald i perioden.
INNRØMMER HONORAR: Først nekta han for det, men seinare vedgjekk Halleraker 18 000 kroner i honorar.
Foto: Aas, Erlend / SCANPIX– Er det VG som styrer Høgre?
– Eg er mest overraska over at Høgre ikkje har rydda opp i dette før, seier Langeland.
– Det er jo liksom VG som har styrt Høgre til å gjera noko med denne saka, for det har jo vore snakk om dette før.
Langeland refererer òg blant anna til eit oppslag i Bergensavisen tidlegare denne månaden. Der skriv avisa at Halleraker hjelpte kona med å vinna eit anbod.
– Dette skulle vært registrert
– Eg har tillit til Øyvind, men no må han rydde opp i dette, sa Erna Solberg torsdag ettermiddag.
– Har partiet sett mellom fingrane med at Halleraker har hatt så nære band til bompengebransjen?
– At ein sit i styrer og mottekk honorar når ein representerer kommunar og likanande er ikkje problemet, men ein må vera open omkring det. Og dette skulle vore registrert.
Har han sjølv vald å trekkja seg tilbake ei tid, eller har du som leiar bestemt det?
– Øyvind har sjølv kome til konklusjonen om at det er best å få rydda opp i dette.
Nære band til bompengebransjen
Då Øyvind Halleraker blei vald inn på Stortinget i 2001, kom han frå jobben som dagleg leiar i bompengeselskapet Sunnhordland bru- og tunnelselskap.
Fire år seinare trekte han seg som styreleiar for norske bomselskap, Norvegfinans etter avsløringar om at bompengeselskapa brukte mykje av pengane dei samla inn på utanlandsreiser og representasjon.
Visepresident for europeisk bompenge-lobby
Onsdag fortalde VG at Halleraker i årevis mens han har site på Stortinget som folkevald, samtidig har vore visepresident i lobbyorganisasjonen for europeiske bompengeselskap Asecap.
Han avviste først at han fekk honorar for dette, men innrømte seinare å få 18 000 kroner i året.
Øyvind Halleraker vil ikkje kommentere saka no.