– Har danna oss eit godt bilete

Spesialeininga for politisaker har gjennomført avhøyr med alle involverte partar etter skyteepisoden på Møhlenpris natt til tysdag. Også den skotne 36-åringen er avhøyrt. – Me jobbar med saka og har danna oss eit godt bilete av hendingsgangen, seier leiar for Spesialeininga, Ellen Eikeseth Mjøs. Eininga har sikra bevis i saka.

Mann skutt på Møhlenpris
Foto: Even Norheim Johansen / NRK