Hopp til innhold

– Fekk hus og vindauge til å riste

Ein person har kasta mellom 2,5 og 3 kilo dynamitt på eit bål i Flåm i Aurland.

Flåm

FEKK BYGDA TIL Å RISTE: Eksplosjonen frå mellom 2,5 og 3 kilo dynamitt skal ha fått hus og vindauge i Flåm til å riste.

Foto: Merete Husmo Høidal / NRK

Rundt klokka 22.20 laurdag fekk politiet melding om eit kraftig smell som ifølgje ein innringar til politiet fekk hus og vindauge til å riste. Politiet køyrde ut for å sjå kva som hadde skjedd.

– Like etterpå ringde ein mann til politiet og fortalde at han hadde brent ein pose med 2,5-3 kilo dynamitt, fortel operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt, Bengt Næss.

Han hadde brent bålet lang frå folk og inga skade var skjedd. Likevel understrekar Næss at dette er noko ein ikkje bør gjere.

– Generelt er det å kaste ein pose med dynamitt på eit bål ein dårleg idé. Eg veit ikkje om dette var gammal eller ny dynamitt, men gamalt sprengstoff skal visst vere verre. Heldigvis gjekk det bra denne gongen, seier Næss.

Mannen som fyrte opp bålet kan vente seg ein reaksjon frå politiet.

– Politiet vil ta ein prat med mannen over helga for å finne ut kva som har skjedd, fortel Næss.