Hopp til innhold

– Få tilbake den driftssikre ferja MF Lote

I den siste tida har ferjesambandet på E39 Anda-Lote vore prega av lange køar og ferje ute av drift. – Hent tilbake den driftssikre ferja MF Lote, seier ordførar.

MF Lote til kai på Lote

MF LOTE: Alfred Bjørlo, ordføraren i Eid vil ha tilbake MF Lote som han meiner er ei driftssikker ferje.

Foto: Steinar Lote / NRK

– Dette er uhaldbart og ein kan ikkje ha det på denne måten. Det går ut over næringsliv, jobb-pendlarar og reiselivet i heile regionen, seier Alfred Bjørlo, ordførarar i Eid kommune.

Sommaren har vore prega av ferjeproblem på strekninga Anda-Lote på E39. I tillegg er det ferjefrie alternativet over Utvikfjellet på fylkesveg 60 mellom Byrkjelo og Utvik stengt.

Over Utvikfjellet på Fv 60 passerte det i gjennomsnitt litt under 1200 køyretøy i døgnet i 2016, i juli månad var trafikken størst med 2153 køyretøy, ifølgje trafikkdata frå Statens vegvesen.

Har ei løysing

Alfred Bjørlo ved Firda kaserne på Nordfjoreid

Alfred Bjørlo, ordførar i Eid.

Foto: Privat

Ordføraren meiner det berre er ei løysing.

– Hent heim ferja MF Lote. Denne gjekk på strekninga Lote-Anda fram til ho vart fjerna og flytta over til å vere ferje nummer fire på sambandet Molde–Vestnes i 2015.

– MF Lote er ei stabil ferje med stor kapasitet. Det må no i ein periode framover vere mogeleg å klare seg med tre ferjer pluss ei reserveferje på strekninga Molde-Vestnes.

MF Lote er ikkje eit alternativ

Tor Kristoffersen, regionsleiar i Fjord1 fortel at ferja MF Lote er låst i ei kontrakt. Det er ikkje aktuelt å flytte på den.

– Kvifor denne diskusjonen kjem opp igjen no har eg vanskeleg for å skjøne. Dette er ein diskusjon som har halde på over ei tid og var spesielt aktuell i tidsrommet rundt nyttårsskiftet. Då hadde vi ein runde med ordførarane i området, fortel han.

Tor Kristoffersen, Fjord1

INNSTILT GRUNNA FORUREINING: Tor Kristoffersen skjønar ikkje kvifor denne diskusjonen blir tatt opp igjen. Innstillingane har vore knytt til forureina sjø og mannskapet på ferjene har jobba på spreng.

Foto: Fjord1

I samband med stenginga av Utvikfjellet henta dei inn folk frå ferie og i løpet av eit døgn hadde dei bemanna opp ei ferje som dei kunne setje inn.

– At vi klarte å gjere det i det heile i den mest stressa perioden vår gjorde at vi unngjekk ei kjempe stor utfordring med omsyn til trafikken på Anda-Lote.

Innstillingar grunna forureina sjø

– Den ferja som har gått på Anda-Lote no, MF Årdal, har gått på sambandet sidan slutten av mars utan innstilte avgangar. Innstillingane i sommar har vore knytt til urein sjø ifølgje av flommen i Utvik.

Han seier det er feil å framstille saka som at hovudferja er ute og sambandet innstilt. Den kontraktfesta ferja har gått som den skal.

– Hadde du bytta ut MF Årdal med MF Lote hadde det ikkje påverka trafikken på sambandet.