– På lokalet på hjørnet der nede var det butikk i alle år. Der er det no berre spikra igjen. Det er på grunn av ei totalt feilslått byutvikling dei siste 30–40 åra.
Steinar Kristoffersen, dagleg leiar i Bergen sentrum AS, har sett dei små butikkane på Nøstet i Bergen visne bort ein etter ein. Skulda ligg hos kjøpesentera som berre blir fleire og fleire, meiner han.
I morgon opnar enda eit kjøpesenter, Horisont, i Åsane. Det burde aldri ha blitt bygd, og politikarane i Bergen burde ha stoppa det, meiner Kristoffersen.
– Eg meiner politikarane burde ha eit overordna ansvar for samfunnsutvikling og ikkje berre sleppe laus alle initiativ som kjem, spesielt utanfor sentrum.
– Det øydelegg for mangfaldet. Det øydelegg for heile byen og regionen. Å satse på sentrum vil auke utvalet og mangfaldet, meiner han.
– Leiga på kjøpesentera hadde strupt oss
Åsane får 73 nye handelsplassar når kjøpesenteret Horisont opnar torsdag. Då har bydelen med drygt 40 000 innbyggarar tre kjøpesenter, i tillegg til Ikea på ei strekning på to kilometer. Det svarar til nesten 250 butikkar.
Senterleiar på Horisont, Jeanette Heggland meiner det er behov for enda eit kjøpesenter i Åsane. At sentera no ligg tett, meiner ho er bra.
– Då få ein konsentrert handelen, og me blir sterke saman. Me får eit sterkt knutepunkt i bydelen, og det trur me er veldig positivt.
Nabosentera seier dei ikkje fryktar konkurranse, men trur tvert om det nye senteret vil føre endå fleire handlande til bydelen. Men i Bergen er stemninga ei anna. Nisjebutikkane som er att på Nøstet fortel om ei utvikling der dei er taparane.
– Det vert jo ikkje akkurat tilrettelagt for oss som driv her. Me må kjempe med nebb og klør for å tilpasse oss, seier Andreas Eid i Henrik Eide Musikk AS.
Dei har ingen planar om å flytte bedrifta til eit senter i Åsane.
– Hadde me flytta inn på eit kjøpesenter hadde husleiga der sannsynlegvis vore det som strupte oss.
LES OGSÅ:
– Sentrum må leve på eiga hand
Kritikken politikarane møter for ei feilslått byutvikling er å skyte over mål, meiner komitéleiar for miljø og byutvikling i Bergen kommune, Dag Skansen (H)
Han er ikkje samd med Kristoffersen i at kommunen har forsømt sentrum i mange tiår.
– Ein oppnår ikkje noko ved å trekke ned bydelshandelen. Ein må satse på sentrum, men det gjer me også.
– Å redusere noko i bydelane der folk ønskjer å bu og handle, og bruke det som eit argument for å auke handelen i sentrum kan ein ikkje. Sentrum må leve på eigne premiss og eigen kjøl.
Bystyrerepresentant Tina Åsgård (SV) meiner det er udiskutabelt at dei mange kjøpesentera i bydelane kring Bergen går ut over handelen i sentrum.
– Det er jo heilt openbart at etableringa av kjøpesenter i bydelane har bidrege til at sentrumshandelen har gått ned og at me ser ein butikkdød i sentrum. Det er jo heller ikkje til gode for Åsane å ha så mange kjøpesenter som dei får no. Me har meir enn nok kjøpesenter der, og eg trur ikkje det er det innbyggjarane fyrst og fremst ønskjer seg.
- Sjå heile debatten mellom Dag Skansen (H) og Tina Åsgård (SV) øvst i saka.