– Eg er berre rysta. Det er eg. Eg forsøker å forstå kva som har hendt, men mine tankar går og til familien og innbyggjarane i Palmyra, seier Jørgen Christian Meyer.
I går vart det kjent at den anerkjente arkeologen Khaled Asaad har blitt halshogd av IS-jihadistar. 82-åringen skal ha blitt avhøyrd i ein månad før han vart henretta av terrororganisasjonen.
Liket til Asaad er funnen i Palmyra, ein 2000 år gamal by i Syria. Arkeologen skal ha hatt ei viktig rolle i over 50 år, for å ivareta olditdsbyen og gjere den kjent for eit større publikum.
IS har tatt kontroll over Palmyra. Asaad sitt lik skal ha blitt hengt opp på ein romersk søyle i sentrum av byen.
- LES MEIR: IS henretta ein 82 år gammal arkeolog
VENN OG KOLLEGA: Jørgen Christian Meyer jobbar ved Universitetet i Bergen, men vart godt kjent med Asaad etter eit norsk-syrisk samarbeid.
Foto: NRKSentral i norsk samarbeid
Professor Meyer ved Universitetet i Bergen var ein kollega av Khaled Asaad og ein personleg ven av arkeologen. Dei to vart kjent fordi Asaad hadde ei viktig rolle i eit samarbeidsprosjekt mellom syriske og norske forskarar.
Det norskfinansierte prosjektet oppdaga fleire landsbyar kring Palmyra, som aldri har vore kjent tidlegare.
– Khaled hadde ei nøkkelrolle i dette samarbeidet. Han var ein stor administrator og igangssettar i den store arkeologiske institusjonen i Syria. Det tilsvarar riksantikvaren i Norge, forklarar Meyer.
UIB-professoren trur det og er ein del av forklaringa på kvifor IS brutalt henretta den aldrande forskaren.
– Vi veit ikkje kva som har hendt eller kvifor, men vi må forstå at han var nesten som eit ikon for denne oldtidsbyen og dens utforskning, seier Meyer.
BORGARKRIG: IS har tatt over byen Palmyra. Her er gjer dei inntog i ein av dei nærliggande byane sør for Palmyra. Syriske myndigheiter forsøker å ta byen tilbake, med luftangrep.
Foto: Uncredited / ApSkattar frakta vekk
Ei mogleg forklaring på kvifor Asaad vart bortført, ifølge nyheitsbyrået Reuters, er at IS søkte svar på kvar ei fleire arkeologiske skattar er skjult av syriske myndigheiter. I tida før IS inntok Palmyra skal dei fleste oldtidsskattane ha blitt frakta vekk.
– Dei arkeologiske skattane frå museet i Palmyra blei stort sett flytta til Damaskus. Det må IS ha visst. Eg trur dei ville ramme eit ikon med å gjere dette. Dei ville eller kunne ikkje øydelegge byen, men dei ville ramme eit ikon, seier Meyer.
Han forklarar og at Khaled Asaad sine brødre og familie sit høgt i det syriske militære og i forvaltninga.
– Mine tankar går og til innbyggjarane i Palmyra. Dei står midt i ei klemme mellom IS og syriske myndigheiter, som sender luftangrep mot byen for å ta den tilbake frå IS, seier Meyer.
– Dette er ein borgarkrig, med forferdelege konsekvensar. Ikkje berre for Khaled, men og for innbyggjarane.