– Eg skulle jo være sterk

Fem til ti prosent av menn og gutar har vore utsett for seksuelle overgrep. Dei fleste får ikkje hjelp.

Video Voldtekt av menn

– Eg skulle jo være sterk. Eg skulle ikkje snakke om kjenslar og slikt. Menn er dei som skal være trygge. Eg trudde at ingen ville tru på at ein mann kan bli utsatt for noko slikt, fortel Jonny Thorsen.

– På mange måtar kan valdtekt opplevast endå verre for menn enn for kvinner. Dei skal vere sterke, ikkje snakke om kjensler og det finst svært få arenaer der det er greitt for menn å fortelje om valdtekt, seier Kjetil Kallevik.

Han er ansvarleg for å koordinere tilbodet til menn som kjem til Senter mot Incest og seksuelle overgrep i Hordaland (SMIH). Stiftinga har senter over heile landet. Av alle som kjem til dei er 19 prosent menn.

Ein tredel av desse har hatt kvinneleg overgripar.

– Å bli valdteken av ei kvinne er ofte enda tyngre å fortelje om og søke hjelp for. Det er tabu, seier Kallevik.

Vanskeleg å bli trudd

– Eg skulle jo vere sterk. Eg skulle ikkje snakke om kjensler og slikt. Menn er dei som skal vere trygge. Eg trudde at ingen ville tru på at ein mann kan bli utsett for noko slikt, fortel Jonny Thorsen.

33-åringen vart utsett for seksuelle overgrep av ein onkel frå han var fire år gamal. Som fjortenåring klarte han å kjempe imot, og overgrepa tok slutt. Det skulle ta over ti år til før han kom til SMIH og begynte å bearbeide det.

Eivind Damsgaard

– Vi trur at mørketala her er endå større enn for kvinner. Årsaka kan være at det er meir tabubelagt og enda meir omkrinsa av skam, seier overlege Eivind Damsgaard på Voldtektsmottaket ved Bergen Legesenter.

Foto: NRK

– Ein siger å bli trudd

Eitt år seinare meldte han onkelen, som fekk 3,5 år fengsel. Lengda på straffa var ikkje det viktigaste for Jonny.

– Eg likar ikkje å seie at eg vann, eg seier at eg vart trudd. Det er det same som å vinne. No tenkjer eg at eg har gitt onkelen min ein moglegheit til å ta ansvar for det han har gjort og få hjelp for det.

Tida etter dommen var nesten den vanskelegaste, for då sat han igjen med berre seg sjølv å tenke på. Likevel angrar han ikkje ein dag. Etter fleire år med terapi og samtalegrupper kan han no trappe ned på behandlinga.

– Eg har jo blitt ein levande mann igjen! Dersom eg kan klare det, kan andre klare det og. Det er det som driv meg no, at min historie kan hjelpe andre til å oppsøke hjelp.

Større mørketal

Forskarane trur at mellom fem og ti prosent av alle menn og gutar har vore utsett for seksuelle overgrep, men dei veit det ikkje sikkert.

– Vi trur at mørketala her er endå større enn for kvinner. Årsaka kan vere at det er meir tabubelagt og enda meir omkrinsa av skam, seier overlege Eivind Damsgaard på Valdtektsmottaket ved Bergen Legesenter.

Drastisk auke

For seks år sidan kunne det gå eitt år mellom kvar gong ein mann kom til mottaket. Så snudde det i 2005, og sidan har dei tatt imot mellom fem og ti menn kvart år.

– Det kan vere på grunn av ei reell auke i talet på menn som blir valdteken, men vi trur det er på grunn av den auka merksemda i media og overalt i samfunnet. Vi ser det same med statistikken for kvinner, seier Damsgaard.

Den største utfordringa har vore å få menn til å kome i det heile tatt. Dei som går til undersøking eller lege, går ofte ikkje til politiet eller til psykologisk hjelp etterpå. Ved Hordaland politidistrikt kjem det inntil ti meldingar frå menn kvart år. Så langt i 2011 har dei fått seks meldingar.

Valdtektsmottak på gynekologisk avdeling

At valdtekt blir sett på som hovudsakleg ein trugsel mot kvinner, kjem tydeleg fram i kvar mange valdtektsmottak er plassert, den dag i dag.

– Vi har hatt ei utfordring med at valdtektsmottaka mange stader i landet er plassert på gynekologisk avdeling, slik at det ikkje fanst tilbod til menn der. Det har vi vorte betre på, no har mange flytta tenesta til legevakta. Eg trur nok det er lågare terskel for menn å kome til hit, seier Damsgaard.

I haust har Nasjonalt Kompetansesenter for Legevaktmedisin (Nklm) byrja å fokusere på mennene. Dei vil informere menn om at det finst eigne ressurssenter berre for dei, som Senter for Seksuelt Misbrukte Menn (SSMM) og Ressurssenter for menn (REFORM).

– Vi treng meir kunnskap, om kva som hjelper. Kva som skal til for å få fleire menn til å søke hjelp. Og vi treng meir nøyaktige tal på kor mange det gjelder, seier Kallevik.