Hopp til innhold

– Drevland gjorde seg uangripeleg

Den 40 minuttar lange monologen Trude Drevland heldt i går manglar sidestykke i norsk historie. – Ho blir vanskeleg å kritisere no, seier medievitar Erik Knudsen.

Trude Drevland

SJUKMELD: Ordførar Trude Drevland (H) seier ho framleis vil stille til val til hausten, men ho vil vere sjukemeld ei tid framover.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

– Dette er veldig uvanleg. Denne pressekonferansen gjer henne nesten uangripeleg, seier Erik Knudsen.

Medievetaren frå Universitetet i Bergen er ekspert på politisk kommunikasjon. Han trur ikkje norsk historie har sett liknande til talen Trude Drevland inviterte til i går.

Bergensordføraren kan ha stilna mange kritikarar trur forskaren, med det han meiner var ein nøye regisert og planlagt gjennomgang av saka si.

– Ved å trekke inn hittil ukjente sider gjer ho seg sjølv meir menneskeleg. Det blir vanskeleg å kritisere nokon som har det vondt, å sparke nokon som ligg nede, seier Knudsen.

Det er ikkje positivt dersom sakleg kritikk uteblir ifølgje forskaren.

– Ho legg seg flat, og legg på ein måte saka død. Det må komma noko stort no om det skal råka Drevland.

Eirik Knudsen

MEDIEVITAR: Fleire politikarar over heile verda har vist ein tendens til å bli meir private, seier Erik Knudsen ved Universitetet i Bergen.

Foto: Sølve Rydland

Monolog på rådhuset

– I dag skal eg vere personleg. Mykje meir personleg enn eg eigentleg er komfortabel med, sa Trude Drevland.

Bergensordføraren har vore sjukmeld etter at detaljar kom fram i media om ei luksusreise til Venezia, som ho fekk påspandert av eit cruiseskiprederi. I går inviterte ho politiske motstandarar og pressen for å legge fram si forklaring.

Ho ville derimot ikkje svara på spørsmål frå aviser, tv og radio.

Eg har feilinformert og vist dårleg dømekraft. Det beklagar eg.

Trude Drevland, ordførar i Bergen (H)

I 40 minuttar fortalde ein gråtkvalt ordførar om kor vanskeleg ho har hatt det privat. For første gong fortalde ho om ektemann og advokat Odd Drevland, som vart dømd til fengselsstraff for underslag. Ho fortalde og om ukjente sider, som alvorleg sjukdom i familien og korleis ho grava seg ned i arbeid.

– Til slutt vart det slik at eg fekk panikk om eg hadde eit hol i kalenderen, seier Drevland.

Presset ho var under skal ha påverka hukommelsen hennar, slik at ho ikkje har makta å forklare seg riktig om saka. Det skal vere forklaringa på kvifor ho har feilinformert media om fleire sider ved saka.

– Eg har vist dårleg dømekraft, og eg har feilinformert media om saka. Eg beklagar det, sa Drevland.

Marita Moltu

BYGGER TILLIT: Mediebråket rundt cruiseskip-saka kan ha svekka tilliten til Trude Drevland, seier Marita Moltu i KrF.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

Bygger tillit

Ordføraren måtte på bana for å byggja opp tilliten ho har mista, trur gruppeleiar i KrF i Bergen, Marita Moltu.

– Det tar lang tid å bygge opp tillit, og den kan brytast raskt ned igjen. Det har nok skjedd noko her, men i dag tok ho dei riktige grepa for å bygge opp att tilliten ho har hatt, seier Moltu.

Styrken i forklaringa til Drevland er at mange kan kjenne seg igjen i den, seier Knudsen.

– Ein kan berre spekulere i om det var eit strategisk val, men det vil nok vere sider ved dette som er gjennomtenkt. Pressekonferansen er strengt regissert. Det er ein 40 minuttar lang monolog, og det er klart at ho må ha tenkt på det, seier Knudsen.

Trude Drevland snakker om den vanskelige tiden.

PRIVAT: - Eg opplevde kjensler som svik, sinne og sorg, fortalte Trude Drevland. Ektemannen skal sone ei fengselsstraff for underslag.