Hopp til innhold

Sende fortruleg info i e-post til tilsett i Helse Førde

Kvelden før offentleggjeringa av sjukehusavgjerda, sende Liv Signe Navarsete dokumentet med vedtaksteksten til Helse Førde-tilsette og sjukehusforkjempar Martha Kjøllesdal sin e-postboks.

Video Liv Signe Navarsete blir sint

SENDE DOKUMENT: Liv Signe Navarsete sende to dokument med vedtakteksta til sjukehusforkjempar kvelden før.

Foto: Nyhetsspiller

Avisa Firda skriv at Navarsete sendte ein fortruleg e-post kvelden før regjeringa skulle gå ut med vedtaket om sjukehussaka.

Sjølv seier Martha Kjøllesdal, som er sjukepleiar ved Nordfjord sjukehus og tillitsvald i Helse Førde, til Firda at ho ikkje anar noko om e-posten.

E-post på avveie

E-posten frå statsråden var ifølgje Navarsete eigentleg tiltenkt sambuaren til Martha Kjøllesdal, som er redaktør Tormado Flatebø i Fjordabladet. Dette skulle vere som ein informasjon i forkant av at regjeringa skulle gå ut med avgjerda neste dag.

E-posten er blitt kjend og har skapt reaksjonar i Ap-gruppa. Fylkespolitikar og medlem i Helse Førde, Harry Mowatt, seier at det er temmeleg uryddig.

– Eg synest at informasjonen til media bør skje på same tid, og ikkje gjennom å sende interne regjeringsdokument til tilfeldige e-postadresser, seier Mowatt til Firda.

Prosjekt Nordfjord

E-posten vart ifølgje Firda sendt frå Liv Signe Navarsete til Martha Kjøllesdal si e-postadresse torsdag 31. mars klokka 21.45. Sendinga inneheldt to dokument som vedlegg. Titlane var «Intern protokoll 2» og «Prosjekt Nordfjord».

Det gjekk vidare fram at den vart vidaresendt til Tormod Flatebø klokka 23.53 same kveld. Fjordabladet-redaktøren sende dagen etter dokumenta frå regjeringsnivået vidare til overlege Henri Berg og seksjonsleiar Jon Sverre Arnestad ved Nordfjord sjukehus.

På det tidspunktet var regjeringsvedtaket offentleggjort.

– Dette er ein merkeleg måte for ein regjeringsrepresentant å sende ut informasjon på, seier styreleiar i Helse Førde, Clara Øberg, til avisa.

Ho har enno ikkje fått skrifteleg informasjon ut over det dei har sett av pressemeldingar.

Risiko for å bli spreidd

– Det er også litt pussig når ein redaktør ikkje greier å skilje jobb-dataen frå sambuaren sin e-post. Her har det i prinsippet vore ein klar risiko for at desse fortrulege dokumenta kunne bli sreidd utover, seier Aps Harry Mowatt.

LES OGSÅ:

Tormod Flatebø har overfor Firda avslått å kommentere saka.