Hopp til innhold

– Det såg heilt forferdeleg ut

Ordføraren var ein av dei første som kom til det traktor-ramponerte huset.

Rasert hus Etne

RASERT AV TRAKTOR: Slik såg huset ut etter traktorangrepet i Etne.

Foto: Svein Egil Økland

Ekteparet og dei fire borna opplevde å få heile den eine veggen av huset knust av ein nær slektning som gjekk berserk med traktoren søndag ettermiddag.

LES: Mann raserte hus med traktor

Tre av familiemedlemmene oppheld seg i huset då slektningen gjekk til angrep. Då ordførar Sigve Sørheim kom til staden, hadde mannen rømt frå staden i ein bil, og familie og naboar var samla på tunet.

– Det såg heilt forferdeleg ut. Huset er rasert på framsida. Både glas og vegger og alt som er, er trykt inn av traktoren, og det er hjulspor på grunnmuren. Skadene er betydelege, seier ordføraren.

LES: Biljakt etter traktorangrep

Braut besøksforbod

Han blei oppringt av akuttmedisinsk kommunikasjonssentral , som anbefalte at eit kriseteam skulle hjelpe familien. Saman med to sjukepleiarar, kommunelegen og ein rektor drog dei til Stødle, der familien bur.

– Dei var opprørte og sinte etter det som hadde skjedd. Det er ei langvarig konflikt som ligg bak, og dette var noko dei frykta ville skje, seier Sørheim.

Mannen som er sikta for traktorangrep på eit bustadhus i Etne, braut eit besøksforbod som retten har ilagt han. Mannen blei først lagt inn på sjukehus etter pågripinga, men er no overført til arresten i Haugesund politistasjon.

– Han vil bli framstilt for varetektsfengsling tirsdag, seier operasjonsleder Trond Friberg ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt til Haugesunds Avis .

Mannen er sikta for grovt skadeverk og brot på vegtrafikklova, skriv Bergens Tidende.

– Sjokkskadd

Ordføraren i Etne har ikkje hatt direkte kontakt med familien måndag, men har forsikra seg om at dei har fått bu i eit av nabohusa fram til deira eige hus er reparert.

– Det skal vi få gjort så fort som mogleg. Vi har bestilt takst og skal få tømrar til å setje i gang med reparasjonsarbeidet. Men det er betydelege skader, seier han.

Sørheim har også snakka med den psykisk sjukepleiar i kommunen, som skal ha formidla at familien framleis er i sjokk etter angrepet.