Hopp til innhold

Braut besøksforbod ved traktorangrep

Mannen som er sikta for traktorangrep på eit bustadhus i Etne, braut besøksforbod i angrepet.

Rasert hus Etne

RASERT AV TRAKTOR: Slik såg huset ut etter traktorangrepet i Etne.

Foto: Svein Egil Økland

Politiet stadfestar at 53-åringen som er sikta for traktorangrep i Etne, braut besøksforbod då han nærma seg huset.

– Der er eit besøksforbod opp mot garden, som er blitt brote. Det vil bli etterforska på vanleg vis, seier Ingvar Gjærde, lensmann i Vindafjord.

Familien får no støtte av eit kriseteam frå Etne kommune.

– Gjekk berserk med traktor

Det var i går ettermiddag at politiet fekk melding om eit angrep med traktor på eit bustadhus i Etne. Ein mann er sikta for angrepet.

– Vi fekk melding om ein kar som gjekk berserk med ein traktor. Han øydelagde først nokre uthus, før han gjekk laus på huset, og smadra den eine sida, seier Gjærde.

Politiet veit ikkje kvifor mannen gjorde dette.

– Det vil vidare etterforsking vise. Vi skal etterforske opp mot åstaden i Etne, og avhøyre den sikta, seier lensmannen.

Biljakt i høg fart

Politiet opplyser at det oppsto ei biljakt då den sikta prøvde å rømme frå staden. Jakta varte i om lag fem kilometer.

– Det vart ei biljakt ned mot Etne sentrum, og det var tidvis høg fart, seier Gjærde.

Den sikta 53-åringen sørgja for fleire materielle skader under fluktforsøket. Politiet fortel at han køyrde inn i ein politibil, som fekk store materielle skader.

Fluktforsøket enda ved ein kebabbutikk i Etne sentrum. Mannen vart då arrestert av politiet, og køyrd til sjukehus.

Det er venta at mannen blir overført til arrest i løpet av dagen. Han vil deretter bli framstilt for varetektsfengsling.