Hopp til innhold

Ber politikarane om å seia nei til dette

Fylkesadministrasjonen rår politikarane til å seia nei til reklame på bybanevognene i Bergen. Men dermed seier og politikarane nei til store inntekter.

Reklame på Bybanen

BYBANEREKLAME: Slik ser reklamebyrået Orangeriet for seg at vognene på Bybanen vil sjå ut med reklame på.

Foto: Vegard Fimland / Orangeriet

– Det er viktig å ta vare på designen og den merkevara Bybanen er for kollektivtrafikken i Hordaland.

Slik grunngjev fungerande samferdslesjef Thorbjørn Aarethun kvifor fylkespolitikarane bør seia nei til reklameeksponering på bybanevognene og bybanestoppa i Bergen.

Administrasjonen i Hordaland fylkeskommune har i heile 2013 jobba med to ei kartlegging om kor store inntekter fylkeskommunen kan få gjennom sal av reklame på bussar, Bybanen, haldeplassar, terminalar og skjermar om bord.

Ti millionar å henta

Arbeidet er ikkje ferdigstilt, men dei førebelse konklusjonane viser at det er om lag ti millionar å henta årleg på å innføra reklame i kollektivtransporten. Men då er Bybanen ikkje tatt med, noko som reduserer inntektspotensialet.

  • Bør Bergen takke ja til millionane reklame på Bybanen vil gje? Sei di meining i kommentarfeltet!

– Det vil rapporten vise. Dersom ein utnyttar Bybanen og bybanestoppa fullt ut vil nok inntektspotensialet vera monaleg større, seier Aarethun, som altså rår politikarane om å behalda den reine profilen Bybanen har i dag.

Omkamp

Reklame på bybanestopp

REKLAMEKAMP: Også bybanestoppa kan bli fylt med reklame. No går kampen om Bergen sitt nye kollektivsystem også skal bli fylt med annonsar.

Foto: Vegard Fimland / Orangeriet

Saka vert sett på som ein omkamp frå Clear channel-saka i 2005. Den gong sa bystyret i Bergen, med knappast mogeleg fleirtal, nei til ein reklameavtale som skulle ha sikra nye busskur, bysyklar og offentlege toalett. Det politiske sirkuset som utspelte seg enda opp med rettssak og søksmål frå reklamegiganten. Men kommunen vann på alle punkt.

Forslaget frå fylkesadministrasjonen går no ut på å innføra reklame på baksida av bussane, på terminalar og visse haldeplassar. I tillegg kjem reklame på skjermar om bord på bussar og i bybanevognene.

Skuffa over potensialet

Fylkesordførar Tom-Christer Nilsen frå Høgre er tilhengar av reklamefinansiering. Han er ærleg på at han hadde venta eit større inntektspotensial enn det kartlegginga til no tilseier.

– Ut ifrå det me såg førre gong me jobba med dette (Clear channel-saka) hadde eg nok venta at det var meir pengar å henta på dette. Men ti millionar vil og vera ein god sum som kan gjera tilbodet til dei reisande betre, seier fylkesordføraren.

Ti millionar svarar til om lag ei veke med billettsal i kollektivtrafikken i Hordaland. Men også fylkesordføraren er samd i at Bybanen og bybanestoppa bør sparast for utvendig reklame.

– Det er viktig at me her er forsiktige, og ikkje øydelegg den profilen me har bygd opp rundt bybanen og bussane, seier Nilsen til NRK.no.

– Visuell støy

I Clear channel-saka i 2005 var Arbeidarpartiet blant motstandarane av reklamefinansiering. Slik er det framleis. Gruppeleiar Ruth Grung meiner inntektspotensialet er eit godt argument for å la vera.

– Det er lite og henta. Me ønskjer ikkje eit kollektivtilbod som er nedlessa av støy. I tillegg er ungdom storforbrukarar av kollektivtrafikk og dei vert utsett for nok reklame som det er. Så me står på den same linja som i 2005 og meiner Bergen og Hordaland heller bør profilera seg som eit område med lite reklame, seier Grung.

  • Bør Bergen takke ja til millionane reklame på Bybanen vil gje? Sei di meining i kommentarfeltet!