Hopp til innhold

– Bekymra for akutthjelpa

142 tilsette teke ut i streik i Helse Bergen. Helseføretaket fryktar for liv og helse.

Streikande UNIO-tilsette

Streikande UNIO-tilsette fredag morgon.

Foto: Helena Rønning/NRK


Haukeland sjukehus fryktar streiken skal setja pasientars liv og helse i fare.

– Me er mest bekymra for situasjonen for dei som treng akutt hjelp.

Det seier kommunikasjonsdirektør i Helse Bergen, Mona Høgli, til NRKs reportar på Haukeland klokka 07.00.

Sykehus

Operasjonssjukepleiarar er mellom dei som vert teke ut i streik.

Foto: Illustrasjonsfoto: Colourbox

Nøkkelpersonar borte

Det er 7-8000 tilsette på Haukeland.

– Det er berre 142 personar som er tekne ut i streik av desse?

– Det kan bli alvorleg om ein nøkkelperson i eit beredskapsteam, eller jobbar med tidleg diagnosering, til dømes av kreft, er tatt ut i streik, seier Høgli.

Forhandlingane gjekk skeis

Det vart klart torsdag at det vert streik i helsevesenet etter at forhandlingane mellom Arbeidsgiverforeningen Spekter og Unio braut saman.

LES ÒG: Streik i helsesektoren

I Hordaland blei det tidleg klart at dette ville gå ut over Helse Bergen helseføretak, og at 142 tilsette frå fredag morgon ville vera i streik.

Det gjeld mellom anna sjukepleiarar, fysioterapeuter og ergoterapeuter.

– Desse arbeidar ulike stader, det einaste som er skjerma er psykiatri, kreft og born, seier Mette Mikkelsen som er føretaktstillitsvald i Norsk Sykepleierforbund i Helse Bergen.

I følgje Mikkelsen vil ein kunne merke det om ein til dømes skal til fysioterapi eller skal på ein poliklinikk.

– Men streiken vil ikkje ramme øyeblikkeleg hjelp, seier ho.

Mona Høgli

Informasjonsdirektør Mona Høgli er redd for konsekvensane av streik.

Foto: Helse Bergen

– Vurderar frå dag til dag

Det er altså ikkje helseføretaket einig. Dei satt i krisemøte heile torsdag kveld.

Men kommunikasjonsdirektøren i Helse Bergen meinar likevel at situasjonen vil vera under kontroll i dag.

– Akkurat i dag går drifta greit. Og så vurderer me situasjonen dag for dag, seier Mona Høgli.

Det er Helsetilsynet ved fylkeslegen som vurdere om situasjonen går ut over liv og helse.

Føretaket vil i dagane kontinuerleg oppdatere fylkeslegen, men har enno ikkje sendt eit formelt brev om at situasjonen er for farleg.

– Møt som normalt

Helse Bergen har i dag fått mange telefonar frå uro pasientar som skal til sjukehuset på fredag.

– Dei får beskjed om å stille opp som normalt. Me håper at publikum skal merke minst mogleg til streiken, seier Høgli.

Unio i streik, Haukeland

Plakat varslar om streik på Haukeland i dag.

Foto: Helena Rønning / NRK