Hopp til innhold

– Barnevernet braut ikkje lova

Barneverntenesta braut ikkje lova då Ragnhild Embla Helsengreen (15) døydde under barnevernet sin omsorg i fjor sommar, meiner Fylkesmannen i Hordaland.

Ragnhild Embla Helsengreen

DØYDDE I FJOR SOMMAR: Ragnhild Embla Helsengreen døydde medan ho var under Fana barnevernteneste sin omsorg.

Foto: Privat

Dette gjeld både i samband med undersøkingar gjort i 2006 og i den tida jenta var under omsorg, viser ein tilsynsrapport frå saka.

Saka om dødsfallet fekk stor merksemd i mediene i fjor sommar, og Bergen kommune og Bufetat tok saman initiativ for å få Fylkesmannen i Hordaland til å oppretta tilsynssak.

– Dette er ei tragisk sak, og det var viktig å få ein gjennomgang, seier kommunaldirektør ved Byrådsavdeling for helse og inkludering, Finn Strand, til Bergen kommune.

– Sjølv om me ikkje har brote lova, vil me no gå grundig gjennom rapporten for å sjå om det er noko me kan gjera for å betra handteringa av slike saker.