Hopp til innhold

– Barn fekk uforsvarleg behandling

Fylkesmannen meiner at eit barn med pustevanskar og luftsveginfeksjon fekk uforsvarleg behandling ved Førde sentralsjukehus, skriv Fylkesmannen på nettsida si. – Pasienten var på eit tidspunktet så dårleg at vi meiner det var uforsvarleg å ikkje gjere større endringar i pågåande behandling. Barnet vart sidan overført til regionsjukehus.