Hopp til innhold

«Ein misser verdigheit om ein ikkje får bidra. Alle vil betale skatt»

Noreg er einaste land i Norden der papirlause asylsøkjarar ikkje får jobbe. Shahab Shamloo meiner saka handlar om rein logikk.

Shahab Shamloo

KRITISK: Shahab Shamloo (42) er kritisk til staten si handsaming av papirlause flyktningar.

Foto: Raymond Lidal / NRK

– Samfunnsnytta er openberr. Om desse får jobbe og bidra i samfunnet, vil alle tene på det. Ordninga ein opererer med no gagnar berre bedrifter som spekulerer i og utnyttar billeg arbeidskraft, meiner Shamloo.

Han er asylsøkjar på fyrste året, og bur i ein desentralisert bustad ved Bergum mottakssenter i Førde. Han kjenner til fleire lagnader, og kritiserer den harde lina til norske myndigheiter.

– Ein misser verdigheita dersom ein ikkje får bidra. Alle ynskjer å betale skatt, og verte integrerte, men har ikkje moglegheita, seier 42-åringen og legg til:

– For mange kan det opplevast som ein sakte død. Mange er heilt åleine, og sit på svært små rom og berre ventar. Ingen tener på dette.

I fylgje Statistisk sentralbyrå kan det bu så mange som 18 000 papirlause menneske i Noreg. Så lenge dei ikkje kan dokumentere deira identifikasjon vil dei ikkje ha moglegheita til å jobbe.

Raud Ungdom ynskjer endring

Kampanje Raud Ungdom

KAMPANJE: Raud Ungdom sin kampanjelogo for 'La asylsøkere jobbe'.

Foto: Raud Ungdom

– Både Noreg og dei asylsøkjarane det gjeld taper på dette, seier Seher Aydar, generalsekretær i Raud Ungdom.

Ungdomspartiet har no starta ein kampanje for å skape merksemd rundt livssituasjonen til asylsøkjarar. Dei hevdar det vert stilt urimeleg høge krav til dokumentasjon av ID, og peiker på at det er naturleg at mange ikkje har papira i orden etter flukt frå heimlandet.

– Fire av ti av alle asylsøkjarar får ikkje arbeidsløyve, og verst er det for dei papirlause, hevdar ho og utdjupar:

– Ofte har ikkje flyktningar pass med seg, men dette vil vere naturleg i ein fluktsituasjon. Det er òg verdt å merke seg at heile 90 prosent av dei papirlause samarbeider med politiet om å finne attende til identifikasjonspapira deira. Likevel vel norske myndigheiter å halde dei utanfor arbeidslivet.

– Raud Ungdom vil setje fokus på denne problematikken. Etter innstramming av reglane i 2009 meiner me situasjonen er ekstra kritisk no. Før fekk mange fleire arbeidsløyve, men no er det totalt berre fire av ti asylsøkjarar som får løyve til å arbeide, seier ho.

Arbeidarpartiet vil halde på dagens ordning

Me meiner det heller må fokuserast på å få ned behandlingstida for kvar sak, for så å få dei med innvilga opphald ut i arbeidslivet raskast mogleg, seier Nils Petter Støyva, leiar i Sogn og Fjordane Arbeidarparti.

– Det er viktig for alle partar at ein får avklart situasjonen snarast mogleg. Dei som får innvilga opphald må få arbeid. Men eg føler ikkje det vert rett å gje dei med avslag arbeid – heller ikkje ikkje-returnerbare flyktningar, seier han.

Artikkelen held fram under biletet.

Shahab Shamloo

KEISAMT: Shahab Shamloo meiner livet på eit asylmottak kan vere vanskeleg for mange.

Foto: Raymond Lidal / NRK

– Har sett mange lagnader

Shahab Shamloo har budd i Noreg i snart eitt år, men har allereie sett mykje desperasjon og dårleg livskvalitet.

– Kva skal dei gjere? spør han.

– Dei har berre TV-en og ei stove. Om dei ikkje vert inkluderte på eit tidleg tidspunkt misser dei motivasjonen til å ta initiativa sjølve. Ein skapar ei heil gruppe med apatiske menneske som kjenner seg verdilause. Som tiggarar, meiner Shamloo.