Hopp til innhold

78-åring med stokk sperra E16-kolonne: – Det er tortur kvar natt

I over eit år skal trafikken på E16 i Bergen køyra nattkolonne gjennom tettbygd strok. Onsdag kveld fekk ein nabo nok.

Sperra E16-kolonne i Ytre Arna

BOM STOPP: Mannen parkerte bilen sin midt i vegen og hindra dermed all trafikk på omkøyringsvegen til E16.

Foto: 03030-tipser

To tunnelar på hovudfartsåra inn og ut av Bergen skal i over eitt år rustast opp.

I mellomtida skal trafikken på E16 mellom Indre Arna og Ytre Arna slusast gjennom tronge gater i sentrum av Ytre Arna.

Frå klokka 22 på kveld til 05.30 om morgonen betyr det at all tungtrafikk går gjennom tettbygd strok.

Onsdag kveld fekk ein av dei næraste naboane nok.

Like over klokka 22 parkerte han ein større varebil på tvers av vegen – rett framføre leiebilen som var på veg i retning Bergen sentrum.

I løpet av kort tid vaks køen fleire hundre meter.

– Mannen var ikkje einig i at omkøyringa skulle gå via Ytre Arna. Han budde i eit hus rett ved vegen og syntest ikkje noko om det, seier Anne Katrine Brudvik Haugen, som var blant dei første bilane i kolonnen.

Ytre-Arna

YTRE ARNA: Sentrum av Ytre Arna er smalt og trongt. Trafikken blir dirigert i kolonnar kvar veg.

Foto: Javier Auris / NRK

– Hytta med stokken

Stemninga blei fort amper i bilrekkja bakover. Ein vogntogsjåfør som hadde ein timeplan å følgja blei ifølge Haugen opprørt, og nærma seg den eldre mannen.

Då tok han opp stokken og veiva rundt.

– Han hytta med ein stokk når folk blei sinna på han. Etter kvart kom det nokre lokale forbi som bad han gje seg, men han ville venta på politiet, seier Haugen, som samstundes uttrykker forståing for det litt utradisjonelle opptrinnet.

– Det er mykje trafikk forbi huset hans, og eg har forståing for at han syntest det er kjipt.

Operasjonssentralen i Vest politidistrikt fekk melding av Vegtrafikksentralen litt over klokka 22.

Ein patrulje var på staden rundt tre kvarter seinare, og fekk snakka med mannen.

Politiet opprettar sak og politimelding mot mannen, seier operasjonsleiar Tatjana Knappen.

Mannen fekk også pålegg om ikkje å forstyrra trafikken fram til klokka 08 i morgon tidleg.

Ytre Arna

TRONGT: Omkøyringsvegen gjennom Ytre Arna er Peder Jebsens veg. Her skal E16-trafikken gå på natta i over eit år.

Foto: Google Maps

Mannen:– Ein aksjon

Seint onsdag kveld snakka NRK med mannen.

Han forklarar opptrinnet med at han er lei trafikkavviklinga som går hardt utover nattesøvnen hans.

– Eg har dette levenet mindre enn tre meter frå soveromsglaset mitt. Du kan jo tenka deg korleis det er å sova der, seier mannen, som er i slutten av 70-åra.

Han forklarar at han hadde planlagt ein aksjon i ein lengre periode. Onsdag kveld kom han køyrande frå Åsane og blei sleppt forbi ned mot bustaden sin, slik han vanlegvis gjer.

Men denne gongen parkerte han ikkje den store varebilen. I staden sette han den på tvers av vegen når kolonna frå Indre Arna kom. Så venta han på politiet.

– Eg var innstilt på at politiet skulle koma, og forsøkte å forklara folk i køen kva som var målet med aksjonen.

– Vitne seier at du veiva etter folk med stokken din?

– Eg forsvarar meg dersom eg blir truga. Det er klart, men eg var ikkje den aggressive parten. Eg prøvde å halda henne (den kvinnelege trailersjåføren, journ.merk) på avstand med stokken, for ho var rasande.

– Brot på menneskerettar

Etter å ha heldt tilbake trafikken på E16 i nesten ein time, kom politiet til staden. Mannen inviterte patruljen inn i huset medan dei skreiv ut politimeldinga.

– Då hadde eg allereie fått markert meg. Eg skal inn til eit såkalla avhøyr seinare.

Mannen har leigd huset han bur i sidan januar. Han fortel at han vil koma med ei motanmelding til Statens vegvesen for brot på menneskerettane. Han meiner den konstante tungtrafikken forbi soverommet hans tek frå han nattesøvnen.

Han opplever ikkje at dei har lytta til hans tilbakemeldingar.

– Det er jo tortur. Viss dei kan finna ei tilsvarande leilegheit til meg i mellomtida, skal eg vera nøgd med det.

  • I den første versjonen av denne saka sto det at mannen var 79 år gamal. Det riktige er at han er 78 år.