Hopp til innhold

62 nye smitta i Bergen – kommunen kallar utelivsbransjen inn til møte

Bergen kommune tek no grep for å bremse den sterke smitteauken blant 20- og 30-åringar i byen. Helsebyråden skal i møte med utelivsbransjen fredag.

Uteliv i Bergen

UTELIV: Majoriteten av dei nye smitta er i 20- og 30-åra, og fleire har blitt smitta på serveringsstader. No blir det auka tilsyn.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

62 personar har fått påvist covid-19 i Bergen det siste døgnet. 36 av dei er nærkontaktar, sju er importsmitte, mens 16 har ukjent smitteveg.

– Vi er bekymra for at smittetala er så høge og følger situasjonen nøye, seier helsebyråd Beate Husa (KrF).

– Vi veit ikkje om vi er i ferd med å nå toppen eller kor dette kjem til å ende, seier fungerande smittevernoverlege, Kjell Haug, til NRK.

Dei fleste som har fått påvist covid-19 denne veka er i 20-30-åra.

– Det er som forventa. Desse to aldersgruppene, 20-29 og 30-39 har same sosiale aktivitet og gjer stort sett dei same tinga, så vi ventar å finne smitte der, seier Haug.

6XgXNFD2IXM

TILSYN: Helsebyråd Beate Husa (KrF) skal fredag i møte med representantar frå utelivsbransjen. Kommunen vil auka tilsynet med utelivet.

Foto: Marit Hommedal / NTB

Kallar inn til møte med utelivet

I augneblinken er det berre éin person som er innlagd på Haukeland universitetssjukehus med korona. Vedkomande er ikkje lagd i respirator.

Smittevernoverlegen har så langt tilrådd kommunen å vente med å innføre lokale innstrammingar.

Men kommunen tek no grep for å bremse utviklinga og hindre smitte i utelivet, på arrangement og under studiestart.

– Vi har løpande kontakt med FHI og kjem til å ha møte med representantar for utelivsbransjen i dag sidan det har vore ein god del smitte på serveringsstadar. Kommunen vil også auke tilsyna i helgen og oppfordrar til at det blir ført gjestelister ved inngangen, seier helsebyråden.

Smitte frå innanlandsreiser

Mens både tilsette og gjestar blir smitta på utelivsstadar, er det også ein trend at mange tek med seg koronaviruset til Bergen frå reiser innanlands, ifølge smittevernoverlegen.

– Vi har god kontroll med dei som kjem frå utlandet, men vi ser at det er ein god del som tek med smitte frå innanlandsreiser. Det er det som pregar biletet no, seier Haug.

Totalt 1930 personar testa seg torsdag.

Smitte i nærkommunar

Det er også begynt å spreie seg smitte i omegnskommunane. Denne veka har totalt 19 personar fått påvist covid-19 på Askøy, og 13 i Øygarden.

I Bømlo i Sunnhordland pågår det eit utbrot etter fleire festar sist helg. 24 personar har så langt testa positivt denne veka. Dei fleste er mellom 17 og 20 år, men også nokre barn er smitta, opplyser kommunen.

Det er også nokre smittetilfelle i fleire mindre kommunar rundt om i Vestland fylke.