Hopp til innhold

59 tilsette bur seg på avvikling

Kleven Maritime førebur dei tilsette ved Kleven Verft i Førde på at det kan gå mot avvikling i første halvår 2010.

Verftsområdet på Øyrane i Førde

Nok ein gang kan det vere slutt på verftsdrifta på Øyrane i Førde.

Foto: Kleven Maritime

Dei tilsette vart orientert under eit informasjonsmøte ved Kleven i dag. Det er 59 tilsette, der 55 i produksjonen og fire i administrative stillingar. I tillegg har ein til ei kvar tid ei rekkje underleverandørar på plassen.

- Vi har eit mindre pressa leveringsprogram framover enn vi føresåg tidlegare. Det gjer at behovet for kapasiteten i Førde blir mindre, seier konsernsjef Ståle Rasmussen.

Ville bli i Førde

Kleven Maritime har leigd anlegget sidan juni 2008. Avtalen skulle gå over to og eit halvt år, med rett til å forlenge. Men tysdag føremiddag fekk dei tilsette ei julegåve dei ikkje ynskte seg frå leiinga.

- Vi hadde planar om å vere her i lengre tid, men slik vart det diverre ikkje, seier Rasmussen.

Trur ikkje på løysing

Konsernsjefen seier at dei jobbar vidare med å finne alternativ bruk av anlegget, og andre typar oppgåver, i tillegg til å vere aktive i marknaden for skip. Han er godt nøgd med innsatsen til dei tilsette, og rosa dei under informasjonsmøtet for dette.

- Sidan vi har fått det til å fungere, så er det difor ekstra dumt å bli tvungen til å legge ned. Det er nok ikkje for sannsynleg at vi får til noko anna, vedgår Rasmussen.

Går i drøftingar

Verftet i Førde vart starta opp som tilleggskapasitet i ein periode med god marknad. Etter finanskrisa, dramatisk fall i oljeprisen og nærast stillstand i kontrahering av nye offshore farty, er situasjonen ein heilt annan på tampen av 2009.

- Vi vil allereie onsdag gå inn i drøftingar med fagforeininga med sikte på å avvikle drifta, seier Rasmussen.