Hopp til innhold

550 i fedmekø

60 ventar på operasjon i Sogn og Fjordane.

- Overvekta i befolkninga er eit kjempeproblem og problemet berre aukar, seier klinikkdirektør Anne Magrethe Øvsthus i Helse Førde til Firda.

Køen av folk som ventar på fedmeoperasjon på Vestlandet har auka frå 220 i 2007 til 550 i dag. I Sogn og Fjordane er det 60 personar som ventar på ein slik operasjon.

Ein fedmeoperasjon minskar volumet på magesekken for å skape ein varig vektreduksjon.