Mannen var sterkt nedkjølt, og han vart sendt med luftambulanse til Haukeland universitetsjukehus laurdag kveld.
Det var ei turgruppe på 16 personar frå Indre Sunnfjord Turlag som var på tur til Grovabreen. Fire snudde på grunn av dårleg ver. Resten av gruppa gjekk vidare og dei har har truleg sjølve utløyst raset, og alle 12 blei tekne av snømassane. Raset var stort: Meir enn 150 meter breidt og seks meter djupt.
11 av turdeltakarane vart raskt lokaliserte, tre av dei var lettare skadde.
Foto: Torje Bjellaas, NRK
Leitemannskap frå heile fylket
Politiet, frivillige fastbuande og Røde Kors deltok i leitinga, og laurdag kveld deltok nærare 100 personar redningsarbeidet. Fleire helikopter deltok også i redningsarbeidet. I tillegg var fleire hundeførarar med lavine-hundar på staden.
Fleire hundar var med
Norske redningshundar har ei treningssamling på Tyin i helga, og fleire av hundane herifrå vart flogne inn til Jølster. Skredredningsgruppa i Rogaland vart med redningshelikopteret frå Sola, og hjalp til i redningsarbeidet. Raset gjekk nord-nordvest for Grovabreen.
Hovudredningssentralen fekk melding om raset ved 13.40-tiden laurdag.