I den 80 sider lange rapporten som bystyret i Bergen har bestilt, er det gjort både spørjeundersøkingar og djupneintervju med personar med minoritetsbakgrunn.
Målet har vore å undersøke korleis personar med minoritetsbakgrunn mellom anna blir møtt av offentlege styresmakter og som arbeids- og bustadsøkjarar.
Dette er nokre av funna:
- 40 % av dei spurde i undersøkinga har opplevd diskriminering når dei har søkt på jobbar.
- 25 % har opplevd forskjellsbehandling på bustadmarknaden.
- Ein del barn av foreldre med norsk-afrikansk bakgrunn opplever rasistisk mobbing på skulen.
– Eg syns dette er svært høge tal. Då eg las denne rapporten, fekk eg nesten tårer i augo, seier Leila Rezzouk Rossow.
Ho er leiar for den frivillige organisasjonen Papillon i Bergen. Organisasjonen er ein møteplass for fleirkulturelle, og hjelper personar med både jobbsøking og nettverksbygging.
Vekker sterke kjensler
Rapporten om «strukturell rasisme i Bergen» er utarbeidd av forskingsstiftelsen Kifo og Vista Analyse. Her kjem det fram fleire urovekkande historier frå folk med minoritetsbakgrunn.
Mellom anna fortel ein respondent om erfaringen då ho endeleg vart kalla inn til eit jobbintervju.
Kvinna fortel at ho følte at intervjuet gjekk svært bra, heilt fram til avslutninga.
Då spurde leiaren som var ansvarleg for intervjuet om jobbsøkaren var «klar over at hun var der fordi hun selv hadde krav om at kandidater med innvandrerbakgrunn skulle intervjues for stillingen».
Det er på vegen inn til arbeidsmarknaden dei fleste opplever forskjellsbehandling.
Ifølge Rezzouk i Papillon er tida inne for handling, ikkje berre ord.
– Denne rapporten må brukast aktivt i arbeidslivet og på skular. Det denne rapporten viser er at det er altfor høge tal, seier Rezzouk.
DIVERRE SOM FORVENTA: Katrine Nødtvedt er skuffa over det som kjem fram i rapporten, men er ikkje overraska.
Foto: Lidvard Sandven / NRK– Bekreftar det me allereie visste
Samfunnsforskar og medforfattar i rapporten, Edvard Nergård Larsen, forklarar omgrepet «strukturell rasisme» på denne måten:
– Strukturell eller systemisk rasisme bygger på noko meir enn berre haldningar, men noko som er innebygd i system, og som føregår på samfunnsnivå, forklarer Nergård Larsen
Han seier at litt av oppgåva til rapporten er å kome med ulike måtar forstå det omgrepet på.
Katrine Nødtvedt er byråd for kultur, mangfald og likestilling i Bergen.
– Det er sjølvsagt urovekkande, men dessverre ikkje ukjent for oss. Rapporten bekreftar det me allereie visste, nemleg at det finst strukturell rasisme i Bergen, seier Nødtvedt frå Miljøpartiet dei Grøne.
Spesielt vondt er det å lesa om barn som opplever mobbing i skulen, seier ho.
– Det er rystande lesing og det gjer like vondt i magen kvar gong ein får høyre korleis rasisme råkar enkeltmenneske.
Lovar tiltak
Det er også gjort funn av den positive sorten i rapporten:
- Informantane rapporterer om positive erfaringar med Nav
- Ein god del færre av dei spurde fortel om diskriminering og forskjellsbehandling på arbeidsplassen. Det er difor i søknadsprosessen dei fleste opplev diskriminering.
Byråden forsikrar at kommunen er i gang med tiltak. Mellom anna er ein plan mot radikalisering, valdeleg ekstremisme og hatkriminalitet under arbeid, som vil bli retta mot skulane.
– I den planen vil det vera tiltak opp mot hatkriminalitet på bakgrunn av etnisitet, hudfarge og religion, lovar Nødtvedt.
Byråden ønskjer også tettare samarbeid med politiet og sette i gang prosjekt i samarbeid med organisasjonar som jobbar med førebygging og inkludering.