Hopp til innhold

Nye 21 må punge ut for høg fart

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Utrykkingspolitiet heldt torsdag kveld fram kontrollverksemda på i Lærdal og Vågsøy.

Onsdag og kveld og natt til torsdag skreiv dei to UP-patruljane ut 18 forenkla førelegg i dei to kommunane.

Torsdag kveld følgde dei opp med ny 21 førelegg.

Høg fart i Lærdal

Ti bilistar på veg gjennom Lærdal fekk forenkla førelegg med seg vidare på turen etter å ha blitt stogga i 60-sona på E16 ved Ljøsne i Lærdal.

Høgste målte fart var 76 km/t, noko tømmer lommeboka for 4.200 kroner.

Ved Tennebø i Vågsøy vart det skrive ut 11 forenkla førelegg, også det i ei 60-sone. Ved Tennebø var høgste målte fart 74 km/t, som svarar til 2.900 kroner i bot.

Mista førarkort på prøve

Noko tidlegare på torsdagen måtte ein bilist i slutten av tenåra sjå politiet ta hand om førarkortet.

Ein sivil politibil målte snittfarten gjennom 70-sona på Vassenden. Då denne viste over grensa for førarkortbeslag, som er 106 km/t, vart bilen stogga.

Bilisten hadde førarkortet på prøve, og måtte difor vinke eit førebels farvel til lappen. Politiet opplyser at det er oppretta sak på forholdet, og at saka blir etterforska ved Førde og Naustdal lensmannskontor.