Hopp til innhold

34-åring gjer comeback i NM

I mange år var ho i noregstoppen i tresteg og lengde. No gjer 34-åringen Cecilie Rise Ortner frå Sandane comeback under NM på Byrkjelo til helga.

Cecilie Riise Ortner

TILBAKE: Cecilie Rise Ortner tek på seg piggskoa under NM på heimebane.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Ho var eit kjent friidrettsnamn på 90-talet og fram til ho la opp i 2005. Etter det har ho vore hobbymosjonist.

Rise Ortner bur i Salzburg i Austerrike med mann og to born. Ho jobbar med sal og marknadsføring i eit energiselskap. I mars bestemte ho seg for å gjere comeback under NM på heimebane.

– Det er ein tanke som har ligge i bakhovudet heilt sidan eg la piggskoa på hylla. Eg hadde lyst å føle stemninga og kjenne kicket ein gong til. Men så kom guten i 2007 og jenta for eit år sidan og det vart dårleg opplegg rundt treninga med lite søvn og travle dagar. Men då eg høyrde at NM skulle vere på Byrkjelo, tenkte eg at eg måtte nytte sjansen til å komme i form skikkeleg ein gong til, fortel ho.

Trena seg bra opp

Ho seier ho ikkje klarer å hoppe like langt som før, men liker å kjenne seg som ein idrettsutøvar igjen.

– Men eg kjem ikkje til å halde på til eg er 40, for eg kjenner på kroppen at eg ikkje er 20 år lenger. Etter seks år har eg mista ein del av grunnlaget, og eg har måtte byggje stein for stein og trena meg bra opp.

Håper å komme til finalen

I tida som friidrettsutøvar fekk ho15 individuelle NM-medaljar, med fire NM-titlar i tresteg og to i lengde. Ho er ein av dei beste tresteghopparen gjennom tidene. Ho fortel at oppladinga mot eit nytt NM gir ho mykje.

– Eg får ei stor indre kraft og får meir energi når eg trenar. Den største bonusen er at eg kjenner eg er i god form.

No er målet å komme seg til finalen og bli mellom dei åtte beste.

– Eg kan gjere det bra med full klaff, men blir ikkje skuffa om eg ikkje står på pallen på Byrkjelo. Eg har hoppa for lite med full fart, men føler eg har bra styrke.

Har snusa på 12 meter

Rekorden hennar er på 13,26 meter. I vår kvalifiserte ho seg til NM med eit hopp på 11,74 meter.

– Eg har også snusa på 12-meteren under treninga, så vi får sjå korleis det går. Er eg berre nokre centimeter frå pallen blir eg nok irritert, endar eg langt bak, så tenkjer eg nok ikkje så mykje på det.

– Kva betyr det at du har eit entusiastisk heimepublikum?

– Eg håper på god støtte og lovar å gjere mitt beste under konkurransane.