Hopp til innhold

Slik kan brua over Sognefjorden bli

Verdas lengste hengebru, verdas første undersjøiske røyrbru eller ei nær fire kilometer lang flytebru? Det er alternativa Statens vegvesen arbeider med når dei no ser på moglege brukryssingar av Sognefjorden.

Moglege bruløysingar over Sognefjorden

TRE ALTERNATIV: Hengebru, røyrbru og flytebru. Det er dei teknologiske løysingane Statens vegvesen no utgreier for ferjefri kryssing av Sognefjorden.

Foto: Statens vegvesen

Desse planane vart også lagt fram då Vestlandsrådet og Statens vegvesen hadde møte om ferjefri E39 i Stavanger på fredag.

Vegvesenet tenkjer stort når dei ser på korleis ein i framtida kan krysse den lengste og djupaste fjorden i Norge, utan ferje.

- Det er eit veldig spennande og utfordrande arbeid, seier Lidvard Skorpa som er prosjektleiar for fjordkryssingsprosjektet.

Skal stå ferdig i 2025

Startskotet for prosjektet ferjefri E39 gjekk på fredag, og alle dei fire vestlandsfylka stiller seg bak.

Det vil koste rundt 100 milliardar kroner å gjere E39 ferjefri mellom Stavanger og Trondheim. Målet er at dette skal stå ferdig innan 2025.

Samferdsleminister Magnhild Meltveit kleppa seier finansieringa av prosjektet er eit spleiselag. Ho meiner prosjektet er så viktig at prislappen ikkje skal vere noko hindring.

Sognefjorden som case

Med utgangspunkt i Sognefjorden har Statens vegvesen sett i gang arbeidet med å utgreie moglege teknologiske løysingar for å krysse fjordane mellom Kristiansand og Trondheim, utan ferje.

I dag er det åtte ferjestrekningar på Vestlandet, men om nokre år kan fleire av desse vere erstatta av bru.

Berre ei bru over Sognefjorden vil koste mellom fem og sju milliardar kroner. Samla sett vil ferjefri E39 mellom Trondheim og Kristiansand koste nær 100 milliardar kroner.

Til samanlikning kosta Operahuset i Bjørvika i Oslo drøyt 4 milliardar kroner.

- Grensesprengande

Det er i hovudsak tre moglege teknologiske løysingar Statens vegvesen arbeider vidare med. Dette er ei hengebru, ei flytebru og ei røyrbru.

- Alle tre er unike og grensesprengande konstruksjonar, seier Skorpa til NRK.no.

Vegvesenet har teke utgangspunkt i ei fjordkryssing, der fjorden i dag vert kryssa med ferje mellom Lavik og Oppedal.

(Artikkelen held fram under biletet)

Hengebru over Sognefjorden

HENGEBRU: Ei hengebru over Sognefjorden vil få eit spenn som vil vere det lengste i sitt slag i verda.

Foto: Statens vegvesen

Hengebru

Dersom ein skal krysse Sognefjorden med ei hengebru må fundamenta stå på land. Spennet vil bli i overkant av 3700 meter og det er i prinsippet tenkt at kvar køyreretning skal vere ei bru, som heng heilt ved sidan av kvarandre.

- Dette er eit fritt spenn som er dobbelt så langt som det lengste hengebruspennet som er bygd i verda i dag, seier Skorpa.

Det nest lengste hengebruspennet vert planlagd i Italia, i Messinastredet. Her vil spennet blir på 3330 meter.

- Vi strekk grensene endå lenger, men så langt meiner vi at dette er mogleg, seier Skorpa.

(Artikkelen held fram under biletet)

Flytebru over Sognefjorden

FLYTEBRU: Ei flytebru over Sognefjorden vil vere omlag 3700 meter.

Foto: Statens vegvesen

Flytebru

Også flytebrua vil ha ei lengde på om lag 3700 meter. Denne vil stå på såkalla pontonga, som er som flytande lekterar som brua står på.

- Her har vi sett på moglegheitene for at skipstrafikken kan gå under midt på. Vi må ha ei frihøgde på minst 70 meter, seier Skorpa.

Til samanlikning er flytedelen av Nordhordalandsbrua i Meland kommune i Hordaland, 1243 meter.

(Artikkelen held fram under biletet)

Røyrbru over Sognefjorden

RØYRBRU: Det finst i dag ingen slike røyrbruer i verda. Dersom ein går inn for ei slik i Sognefjorden, vert det den aller første i sitt slag. (Skissa er frå arbeidet med Høgsfjorden i Rogaland på 1990-talet. Prinsippet for ei røyrbru er lik, men ifølgje Skorpa vil ei røyrbru over Sognefjorden bli tjukkare enn den på skissa).

Foto: Statens vegvesen

Røyrbru

Det tredje alternativet Statens vegvesen arbeider med er ei såkalla røyrbru. Den vil kunne bli den første i sitt slag i heile verda.

- Dette er enkelt fortalt eit stort røyr under vatn, som folk vil oppleve som ein høgstandard tunnel, seier Skorpa.

Det er ikkje laga nye røyrteikningar for korleis ei slik røyrbru er tenkt med dagens krav til tunneltryggleik. Men biletet, som viser planane for ei røyrbru over Høgsfjorden i Rogaland, viser godt prinsippet for ein slik tunnel, seier Skorpa.

- Røyret vil vere forankra i overflata med pongtongar. Kor langt det vil vere mellom desse flyteelementa er avhengig av straum og bølgjer i området, forklarar Skorpa.

- Det kan bli to røyr

Planane for ei slik bru under Høgsfjorden er dei røyrbruplanane som fram til no har blitt utvikla lengst, men politikarane valde å ikkje gå for dette alternativet.

Skorpa presiserer at ei røyrbru over Sognefjorden vil vere mykje større enn det som er på skissa, dette fordi det i dag vert stilt strengare krav til tryggleik. Røyret vil ligge på om lag 30 meters djup.

- Røyret vil vere mykje større, med ein eigen naudtunnel, som mellom anna har separat belysning. Det kan og bli aktuelt å lage to røyr, ei for kvar køyreretning, seier Skorpa.

Dette er altså dei tre hovudprinsippa Statens vegvesen no arbeider med, men Skorpa seier det også kan bli aktuelt å kombinere dei tre alternativa.

Ein undersjøisk fjelltunnel er ikkje aktuelt under Sognefjorden, fordi fjorden på det djupaste er over 1300 meter.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

- Ja, det er ambisiøst

Skorpa vedgår at planane er ambisiøse, men seier arbeidsgruppa likevel har tru på at dette kan vere mogleg.

- Det finst ikkje teknologi for desse bruene i dag. Skal ein få det til må ein utvikle kompetanse både hos konsulentar og vegvesenet, seier Skorpa.

- Mange vil jo seie at dette kan verke som dumskap?

- Det er mange ting som opp gjennom åra har blitt rekna som urealiserbart. Men vi må berre vere innstilte på at det krev ressursar og pengar for å føre desse ideane fram til realisering, seier Skorpa.

Han viser mellom anna til at ein for 30 år sidan ikkje hadde spesielt stor tru på at ein kunne ha oljeplattformar flytande på pontongar i Nordsjøen.

- Skal vi kome oss vidare, må vi vere opne, sjå etter moglegheiter og vere villige til å satse, seier Skorpa.