Hopp til innhold

27 000 på festival

- Det er alltid skrekkblanda fryd, seier festivalgeneralen Hilde Bjørkum

førdefestivalen

MYKJE FOLK: Det var trongt om plassen på gallakonserten laurdag i Førdehuset.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

27 000 besøkande var innom Førdefestivalen sine mange arrangement i løpet av helga.

Var spente på artistane

Hilde Bjørkum

SPENT: Festivaldirektør Hilde Bjørkum var spent på om artistane ville levere. - Det gjorde dei absolutt, seier ho etter festivalen.

- Eg er svært nøgd med det. Vi hadde store forventningar til det kunstnarlege programmet i år, og var spente på om artistane ville innfri. Men eg må seie at eg er svært imponert over det dei har levert desse dagane, smiler festivaldirektør Hilde Bjørkum.

Ho er alltid spent på korleis publikum tek imot artistane.

- For vi sel jo eigentleg program med artistar som få har høyrt om, og publikum veit eigentleg ikkje kva dei kjøper billettar til. Men vi har fått svært gode tilbakemeldingar frå publikum. Det er moro at dei kjem og ikkje veit kva dei skal høyre, og at dei etter konsertane elskar det, seier ho.

300 frivillege

Frå torsdag til søndag har 300 frivillege vore i aktivitet for at arrangementa skulle gå etter planen.

- Dei gjer ein kjempeviktig jobb og er så fleksible og dyktige til å snu seg rundt om noko oppstår.

Ei av årets frivillege dukka opp i førre veke og lurte på om ho kunne bidra.

Engelsk turist vart artistkontakt

Opptog Førdefestivalen

OPPTOG: 30 nasjonar var samla på festivalen i Førde med 180 artistar. Her frå opptoget laurdag.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

- Mandip Mandra frå England kom til oss og sa ho hadde sett ein plakat om festivalen på bussen frå Bergen til Trondheim. Og ho ville gjerne hjelpe til. Så vi utstyrte ho med informasjonen ho trengte, og dermed vart ho artistkontakt for koreanske Kyungso Park, fortel Bjørkum.

Kyungso Park er ein av dei aller beste utøvarane i Sør-Korea på gayageum og fekk altså ein engelsk turist som sin kontaktperson i Førde.

- Slike historier er jo morosame, men viser også at festivalen er ein festival for alle.

Tekniske utfordringar

180 artistar frå 30 ulike land har vore samla for å skape festivalstemning i Sunnfjord. Mange av konsertområda var nye for året.

- Å arrangere ein konsert på Hafstadfjellet byr på tekniske utfordringar med tanke på lys og scene. Men vi klarte det, og fekk til og med utanlanske journalistar til å gå opp til fjelltoppen på sine litt dårlege sko, ler direktøren.

- De har lagt ei høg list for neste år?

- Ikkje snakk til meg om det no då, ler Bjørkum. Men vedgår at festivalen for 2013 allereie er byrja å ta form.

- Og vi vil gjerne ha innspel frå publikum om det er artistar eller andre ting vi bør ha med oss vidare.

Vil vekse, men treng senger

Opptog Førdefestivalen

OPPTOG: 30 nasjonar var samla på festivalen i Førde med 180 artistar. Her frå opptoget laurdag.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

- 27 000 besøkande var det i år, kor mykje større kan festivalen bli?

- Ikkje alle salane var fulle og vi brukar store uteområde med plass til mange besøkande. Men baugen er sjølvsagt overnattingsmoglegheitene her. Vi har plass til fleire på festivalen, så må vi berre bli flinkare til å finne overnattingsplassar.

- Er de redd for å bli for store?

- Nei, det går på korleis vi lagar programmet. Dei støste konsertområda har plass til over 2000 personar medan dei minste har plass til 30. Og vi skal ha heilt ulike atmosfærer på festivalen. Så lenge eg er sjef skal det vertfall vere slik.

Forviklingar enda godt

Å vere sjef for ein stor festival medfører ein heil del skrekkblanda fryd. Bjørkum seier ho har hatt mange saker ho har vore spent på før festivalen. Men indiske Sidegoma toppa det heile.

- Det har vore endelause forviklingar med dei der visum har vore det største problemet. Og dei fekk visum same dagen som dei skulle reise til Norge. Så det ordna seg i siste liten.