Hopp til innhold

Dansarane imponerte mest

Førde Folkemusikkfestival er i gang. Første konserten var tradisjonen tru ein gratiskonsert på Elvetorget der ungar frå barnehagane i Førde utgjorde ein stor del av publikum.

Det var The Nordic Fiddlers Bloc som fekk æra av å opne det heile, Kevin Henderson frå Shetland på fele, Anders Hall frå Sverige på bratsj og Olav Luksengård Mjelva på hardingfele.

  • Sjå video i botnen av saka

Festivalsjef Hilde Bjørkum ynskte alle velkomne til dette første arrangementet på 2012-festivalen. Det kunne ho gjere i skya opphaldsver, men då konserten nærma seg slutten kom sola fram, og det talrike publikummet kosa seg i varmt ver og med god musikk.

Dansarane imponerte

Blant dei yngste (og kanskje hjå dei vaksne og) var det dansenummeret til Frikar og dei kinesiske Kung Fu-munkane som gjorde sterkast inntrykk. Hallgrim Hansegård frå Frikar har vore i Wudang-fjella i Kina og studert dansen deira, og kombinasjonen av norsk halling og Kung Fu-dans gjorde at applausen sat laust hjå publikum.

Alida og Tilde likte dansarane

Alida Holsen Grimstad (t.v.) og Tilde Øen likte dansarane.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Tilde Øen (5) og Alida Holsen Grimstad (6) frå Tusenfryd barnehage likte heile konserten, men dei var ikkje i tvil om kva som var best..

– Det var dansarane.

– Kunne de ha tenkt dykk å lære å danse slik?

– Å ja, det hadde vore moro.

Sameksistens

Konserten vart avslutta av verdsmusikktrioen Ellika Frisell (fele), Solo Cissokho (song og sjølvbygt instrument) og Rafael Sida (perkusjon). Ei flott blanding av svensk, senegalesisk og meksikansk folkemusikk.

Og akkurat denne kombinasjonen er eit typisk uttrykk for det som er gjennomgangstemaet på årets Førdefestival - Coexistence - på norsk sameksistens.

Frå no av går det slag i slag med i alt 90 punkt på programmet, i alt 250 deltakarar frå over 20 land skal unnderhalde sunnfjordingar og tilreisande fram til og med søndag.

From InfoDispatcher.SingleFileImporter

Førdefestival