Hopp til innhold

24 meters rulletrapper på veg

Den første av dei to lange rulletrappene til bybanestoppet på Haukeland sjukehus har no kome trygt fram. Transporten frå kaien i Bergen sentrum var så lang at bilen måtte ta ein omveg via Midtun og Sædalen. Rulletrappene skal heisast på plass i det som skal bli ein underjordisk haldeplass på den nye bybanestrekninga mellom sentrum og Fyllingsdalen.

Rulletrapp på plass ved Haukeland sjukehus
Foto: Jan Børge Leirvik / NRK