24 hushald framleis straumlause

24 BKK-kundar i Austrheim og Øygarden som har vore straumlause sidan søndag, har endå ikkje fått straumen tilbake. På Austrheim er 21 av dei 22 straumlause hytter. Det var uvêret som skapte problem for straumlinjene, og reparasjonen er omfattande. I Øygarden er ei høgspentlinje rive ned, og det må brukast helikopter for å reparere feilen som rammar to kundar. BKK reknar med at alle skal få straumen tilbake innan klokka 16 på onsdag.