Hopp til innhold

19-åring tilstår bildrap

19-åringen sa seg skuldig i aktlaust drap då rettssaka etter dødsulukka i Stryn starta i dag.

Fjordane Tingrett
Foto: Cosmin Cosma / NRK

Klokka ni tysdag morgon starta rettssaka i Fjordane tingrett der ein 19-åring er tiltalt for aktlaust drap.

Hugsar lite

19-åringen erkjende straffskuld for aktlaust drap. Han sa seg også skuldig i brot på vegtrafikklova, for å ha køyrt for fort og for å ha køyrt slik at dei to andre passasjerane i bilen fekk skader.

Frå tiltalebenken sa 19-åringen at han ikkje hugsa noko frå ulukka. Det einaste han hugsa frå ulukkesdagen var at han var i ballbingen i Stryn, åt ein hamburger og køyrde litt rundt.

- Eg har høyrt frå andre at det har gått fort, sa han.

- Brukte du bilbelte, spurde aktor Knut Broberg.

- Eg brukte bilbelte, og brukte å seie til dei andre at dei måtte bruke bilbelte, sa han.

19-åringen sa tida etter ulukka har vore tung.

- Det går ikkje ein dag utan at eg tenkjer på det.

Etter ulukka har det ikkje vore kontakt mellom 19-åringen og familien til Camilla Myren.

- Vi har ikkje hatt noko kontakt. Ei frå kommunen har snakka med presten i Stryn om at vi skulle møtast, men eg har ikkje fått noko svar, sa han.

Slitne sommardekk

19-åringen køyrde ein BMW han hadde kjøpt hausten 2007, då ulukka skjedde. Bilen var i grei teknisk stand, men hadde dårlege og slitne framdekk.

- Eg hadde akkurat lagt om til sommardekk då ulukka skjedde. Eg snakka med ein som sa at det ikkje var naudsynt å bytte dekka med ein gong. Framdekka var litt slitne, men han meinte eg kunne køyre med dei ei stund til.

- Kva slags sjåfør var du, spurde aktor vidare under vitneavhøyret.

- Som ungdomar flest. Eg prøver å liggje rundt fartsgrensa, men det skjer sjølvsagt at ein er over. Som oftast har eg prøvd å halde fartsgrensa, svarte 19-åringen.

- Likte du å køyre fort?

- På ein måte ja, og på ein måte nei.

- Køyrde du ofte fort?

- Ikkje ofte, men det har skjedd tilfelle.

- Kva fart har du vore oppe i?

- Det har vore litt over fartsgrensa. Det er vanskeleg å svare på akkurat kor fort. Men det er ikkje snakk om så høg fart som i denne saka.

- Fekk du nokon gong kommentarar frå passasjerar som syntest du køyrde for fort?

- Det var kanskje eit par tilfelle der nokon har sagt eg må slakke ned, men det er ikkje sikkert eg har vore over fartsgrensa då.

Tungt etter ulukka

På spørsmål frå forsvarar Erik Slotterøy sa 19-åringen at han har hatt det tungt etter ulukka.

- Det påverkar heile livet mitt. Eg slit med å sove. Det har ikkje vore ein dag etter ulukka eg ikkje har tenkt på det. Det er klart eg skulle ynskje det ikkje hadde skjedd.

Støtteadvokat for familien til Camilla Myren, Per Kjetil Stautland, spurde om han gjorde seg tankar etter å ha sett ulukkesbilen.

- Det ser ut som det har vore høg fart.

- Kvifor erkjende du ikkje straffskuld før i dag? Har du tenkt at det har vore ei belastning for familien?

- Eg har tenkt på det ja, sa han.

Døydde momentant

Aktor Knut Broberg sa i innleiingsføredraget sitt at ulukka skjedde ein søndagskveld med fint vêr og gode køyreforhold. Tiltalte var på køyretur i Stryn saman med kjærasten og veninna hennar. Like etter klokka seks plukka dei opp Camilla Myren i Stryn sentrum.

19-åringen køyrde på riksveg 15 retning Oppstryn. Han snudde og køyrde tilbake.

- Det er på det reine at farten har vore høg. Tiltalte køyrde utfor vegen i ei høgrekurve. Bremsespora i svingen var om lag 90 meter. Bilen vart totalvrak, velta rundt og blir liggande på hovudet, sa Broberg.

- Camilla Myren var passasjer i baksetet. Ho døydde momentant på grunn av skader ho vart påført.

Strid om fart

Fart blir eit sentralt punkt under rettssaka som går over tre dagar i Fjordane tingrett.

- Ingen kan seie noko sikkert om farten. Tiltalte vil difor ha ein sakkunnig som kjem til synfaringa i morgon, sa forsvarar Erik Slotterøy i sitt innleiingsføredrag.

Utover ein privat sakkunnig, skal ein psykiatrisk sjukepleiar som har følgt 19-åringen i tida etter ulukka vitne i rettssaka.

Familien til Camilla Myren følgjer rettssaka i Fjordane tingrett.