Pengane skal nyttast til eit miljøprosjekt som skal få vekk dei store utsleppa av støv, fortel sjef for Årdal Karbon, Odd Steinar Natvik, til Sogn Avis.
Årdalstangen. Foto: Kjell Arvid Stølen
Reduksjon på 60%
Snart 14 års arbeid for eit reinare miljø har no ført fram, med Hydro si kjempeløyving til karbonverket i Årdal. Pengane skal altså gå til å redusere støvutsleppet, i første omgang er målet ein reduksjon på 60 prosent. Og nye reinseanlegg vil vere på plass neste haust.
400 tonn støv i året
Koks- og oksidstøvet slepp ut i det fri i samband med lossingar, og på årsbasis blir det sleppt ut 400 tonn støv. - Det er klart at det har plaga folk i området, seier Natvik. Støvet er ikkje helsefarleg, men for mange veldig irriterande. Men no blir det altså mindre støv og meir rein luft for mange tangingar.