17-åring kutta av seg finger

Ei 17 år gamal jente er frakta til Førde sentralsjukehus etter eit arbeidsuhell i Bremanger.

Jenta arbeidde med ein avskjærmaskin ved eit fiskemottak då ho kutta av seg ein finger.

Uhellet skjedde i 15.30-tida og blir no rutinemessig etterforska.