Hopp til innhold

Kvar femte tilsett ved norske sjukehus er byråkrat

Medan regjeringa kuttar i sjukehustilbodet, jobbar kvar femte person i helseføretaka med byråkrati.

Video Legg ned sjukehus medan byråkratiet blir større

BYRÅKRATVEKST: Det var 16921 byråkratar i sjukehusnorge i 2009, 808 fleire enn i 2008.

Christel Midtgaard Angelshaug

FIREBARNSMOR: - Nedlegginga av fødeavdelinga ved Nordfjord sjukehus har skapt stor uvisse, seier Christel Midtgaard Angelshaug frå Måløy.

Foto: Randi Indrebø / NRK

- Det er veldig provoserande at staten legg ned fødeavdelinga ved Nordfjord sjukehus samstundes som det er så mange byråkratar i helseføretaka, seier Christel Midtgaard Angelshaug frå Måløy.

Midtgaard Angelshaug fekk sitt fjerde born på måndag og er letta over å få føde no, og ikkje om eit år. For då er nemleg fødeavdelinga ved Nordfjord sjukehus lagd ned.

I tillegg til Nordfjord, bestemte regjeringa i april å redusere fødetilbodet også i Lofoten, Lærdal og Odda.

- Kutta skapar stor uvisse blant dei gravide, seier Midtgaard Angelshaug.

17 000 helsebyråkratar

Midtgaard Angelshaug er ei av mange som er opprørte. For medan regjeringa kuttar i pasienttilbod, jobbar kvar femte i helseføretaka med byråkrati.

Berre i Sogn og Fjordane er det 328 helsebyråkratårsverk, i eit fylke med tre små sjukehus.

I heile landet utgjer byråkratar, sjefar og kontorfolk totalt 16921 årsverk, viser 2009-tal frå Statistisk sentralbyrå. Det betyr at over 18 prosent jobbar med administrasjon i norske helseføretak.

(Artikkelen held fram under biletet)

Christel Midtgaard Angelshaug saman med jordmor Aud Jekteberg Nordpoll.

JORDMORKONTROLL: Neste år må dei gravide i Ytre Nordfjord køyra minst 45 minuttar lenger for å føde.

Foto: NRK

Sterke reaksjonar

Blant pasientane utanfor Nordfjord sjukehus er reaksjonane sterke.

- Eg tykkjer vi må spørje regjeringa og politikarane om det er denne utviklinga dei verkeleg vil ha, seier Aina Jøranli Heggen frå Nordfjordeid.

- Oi, det var fleire enn eg trudde. 17000 byråkratar er altfor mykje, seier Vidar Bolstad frå Sandane.

Han meiner at helseføretaka burde kutta i administrasjon før dei legg ned sjukehustilbod til pasientane.

Ingen stordriftsfordelar

Clara Øberg

FORSTÅR: Styreleiar Clara Øberg i Helse Førde kan forstå at mange reagerer.

Foto: NRK

Helseføretaket i Sogn og Fjordane, Helse Førde, ville kutta endå meir i pasienttilbodet enn det regjeringa til slutt tillét. Her auka talet på byråkratårsverk med ti prosent frå 2008 til 2009.

På landsbasis blei det 808 fleire byråkratar det året. Det er siste tilgjengeleg statistikk.

- Det er klart at ein kan seie at det er mykje, men vi er eit lite føretak som ikkje har stordriftsfordeler, seier styreleiar i Helse Førde, Clara Øberg, og legg til:

- Hjå oss blir tala dessutan ikkje heilt rette fordi til dømes seksjonsleiarar jobbar både med pasientar og administrasjon.

- Forstår du at folk som misser helsetilbod har vanskar med å akseptere at det er så mange byråkratar?

- Ja, det forstår eg, men eg trur at storleiken på administrasjonen i Helse Førde er der vi skal liggje, seier Øberg.

Aud Jekteberg Nordpoll

JORDMOR: - Så mange byråkratar er provoserande når ein ser kva konsekvensar sjukehuskutta får for pasientane som helseføretaket faktisk primært skal vere til for, seier jordmor i Vågsøy kommune, Aud Jekteberg Nordpoll.

Foto: Randi Indrebø / NRK