Hopp til innhold

150 på venteliste

Det er så stor rift om billettane til konserten med Kiri Te Kanawa at det kan bli ekstrakonsert på Åmot gard.

Trass i billettpris på 5000 kroner, står 150 personar på venteliste for å høyre operastjerna Kiri Te Kanawa syngje på Åmodt Gard i Bygstad i juni.

Bruker konfirmasjonspengar

- Eg måtte gripe sjansen når ho først kjem til Noreg og Sogn og Fjordane.

Det seier 17- åringen Nora Oleanne Sårheim frå Florø. Ho har spart pengane ho fekk til konfirmasjonen, og no skal dei brukast på den store lindeskap hennar, song.

Sårheim er elev på Firda vidaregåande skule med song som hovudinstrument, og ho er spesielt begeistra for Dame Kiri når ho syng songen O mio babbino caro.

- Ho byrjar å bli gammal, og det er ikkje så mange sjansar til å få høyre ho igjen, seier Sårheim.

Dame Kiri held sjeldan konsertar, og er kjend som ei primadonna som krev full oppdekking der ho kjem. Men bytteavtalen med Steinar Sørlie på Åmodt Gard overtalte divaen. Ho får fiske laks i elvane og Sørlie får intimkonsert.

Fleire konsertar

Steinar Sørlie klør seg no i hovudet for å finne ut korleis han skal møte pågangen frå folk som vil oppleve gardsoperaen.

- Blir det for mange som vil ha billettar, må vi spørje agenten om ho kan halde fleire konsertar, seier Sørlie.


Det har versert rykte om at konserten er for fiffen med mykje pengar mellom hendene, men Sørlie seier det ikkje stemmer.

- Her er det bønder og unge menneske som ringer. Det er ein kalv i Høyanger som har fått namnet Kiri, og bonden ringde og sa at ho måtte ha billett, seier Sørlie.