Dette skjer nøyaktig ei veke etter at ei anna 15 år gamal jente, då i Florø, vart oppsøkt av ein ukjent mann som prøvde å få kontakt.
Episoden i går fann stad utanfor posten på Sande, fortel lensmannsførstebetjent Dag Øyen.
Jenta vart dradd inn i bilen til ein ukjent mann. Ho skal ha vore i bilen ei stund, før ho klarte å kome seg ut. I følgje politiet skal ikkje jenta ha blitt utsett for noko kriminelt.
Mannen som i går var på ferde blir karakterisert til å vere mellom 30 og 40 år. Han er mørk i håret og av utanlandsk opphav. Politiet utelukkar ikkje at det kan vere ein samanheng mellom dei to episodane.