Hopp til innhold

14,4 mm nedbør på ein time

Det kraftige regnvêret som var varsla over Sør- og Vestlandet, har så langt treft hardast i indre strok. På Røldalsfjellet kom det 14,4 millimeter nedbør på ein time i dag, og så langt har det kome 36 millimeter. I Skjeggedal i Tyssedal, så er det så langt kome 32,7 millimeter. Det er venta eit nytt nedbørsbelte frå Agder seinare i kveld. Uvêret er på veg nordaustover, og Vêrvarslinga på Vestlandet seier at det ser ut som om det grenseområda mot Buskerud som vil få mest nedbør.