Hopp til innhold

Rådhus-kunst til 1,5 millionar

Det er stor interesse for å designe kunst som skal utsmykke det nye rådhuset i Førde. Kunstkonkurransen har ein pris på 1,5 millionar kroner.

Rendez-Vous

RÅDHUSET SKAL PYNTAST: For 1.5 millionar skal vinnaren av kunstkonkurransen utsmykke det nye rådhuset i Førde. I juni blir det avgjort kven som får oppdraget.

Foto: Nordplan

Førde kommune lyste i haust ut ein konkurranse der kunstnarar kan kjempe om å få oppdraget med å dekorere det nye rådhuset i Førde.

Responsen har vore over all forventning, og kommunen har store summar investert i prosjektet.

Over 140 påmelde kunstnarar

Rendez-Vous

NYTT: Det nye rådhuset er under arbeid og står klart i 2013.

Foto: Nordplan AS, Mestres Wåge Arqutectes og 70 gr. Nord

Det er 126 påmelde innslag, til saman over 140 kunstnarar, som skal kjempe om å få oppdraget med å dekorere rådhuset.

– Eg blei veldig overraska over at det er så stor interesse, seier Marit Aanestad.

Aanestad sit i komiteen som skal plukke ut aktuelle kunstnarar og presentere dei for kunstutvalet. Kunstutvalet skal deretter velje ut åtte stk som får vere med vidare i konkurransen.

Vanskeleg å velje

– Å velje ut åtte av 126 kunstnarar blir ein hard jobb, for eg er sikker på at vi har fått inn svært mange gode forslag, seier Aanestad.

Ho har enno ikkje rukke å sett på dei innsendte bidraga, men har ei meining om kva som krevst for å få oppdraget.

– Vi ser nøye på kva kunstnarane har gjort av liknande arbeid tidlegare. Kunsten må samsvare med arkitekturen, så folk som har kompetanse med arkitektur vil stille sterkt i konkurransen, seier Aanestad.

Likevel er det lov å tenkje utradisjonelt.

(Artikkelen held fram under biletet)

Rendez-Vous

SKAL PYNTAST: Det nye rådhuset står klart i 2013. No kjempar over 140 kunstnarar om å få utsmykke det med sine kunstverk.

Foto: Nordplan AS, Mestres Wåge Arqutectes og 70 gr. Nord

– Vi legg vekt på å ikkje vere snevre, vi er opne for alt. Kunst treng ikkje vere rein dekorasjon, det kan vere overraskande og annleis. Difor er dette ein svært spennande og utfordrande jobb for oss som skal velje ut, seier Aanestad.

Høg investering

Prislappen på kunstkonkurransen lyd på 1,5 millionar kroner. Konkurransen går over ei prosjektperiode på våren, der det endelege resultatet vert offentleggjort i juni.

Kunstnarane som blir vald ut får løn for å utarbeide sine utkast, og når vinnaren er kåra vil det bli løn for oppdraget med å utsmykke rådhuset med sin kunst.

– Rådhuset er eit prestisjebygg, og vi vil utsmykke det med det beste som er å tilby, seier Marit Aanestad.

Resultatet klart i juni

Rådhuset skal stå klart i 2013. Sjølve bygget er resultat av ein arkitektkonkurranse, der Nordplan AS, Mestres Wåge Arquitectes og 70gr. Nord gjekk av med sigeren for sine plan- og designskisser til det nye rådhuset.

(Artikkelen held fram under biletet)

Rendez-Vous

DET NYE RÅDHUSET: Dette er forslaget som vann arkitekturkonkurransen til rådhuset i Førde. No står kampen om kven som skal få smykke det med kunst.

Foto: Nordplan

– Arkitekturen på rådhuset har fokus på byrom, og har ei opa løysing som skaper møteplassar, og vi vil veldig gjerne at kunsten skal spegle att dette, seier Marit Aanestad i komiteen.

Internasjonal interesse

Sjølv om konkurransen berre er utlyst i Noreg, har kunstnarar frå Danmark, Tyskland og Sverige meldt si interesse for rådhuset i Førde.

– Vi er sjølvsagt opne for internasjonale innspel sjølv om vi berre har annonsert konkurransen i Noreg. Vi vil at rådhuset skal få det beste vi kan klare å hoste opp, seier Aanestad.

Dei åtte som blir vald ut i januar, får ei arbeidsperiode fram til mai der dei skal jobbe fram eit utkast. Når det er tid for innlevering i juni, skal ein jury velje ut den beste kunstidéen som får oppdraget.

– Akkurat no er søknadene og materialet til kunstnarane på veg til oss i komiteen, og vi skal bruke lange og intense dagar på å velje ut framlegg til dei åtte heldige, seier Aanestad.

Vil ha sin kunt på rådhuset

Audgunn Naustdal Holsen

DELTEK I KONKURRANSEN: Audgunn Naustdal Holsen deltek i kampen om å få utsmykke det nye Rådhuset.

Foto: privat

Audgunn Naustdal Holsen er hovudsakleg tekstilkunstnar, men arbeider også med anna materiale.

Ho har meldt seg på konkurransen, men har enno ikkje gjort seg nokre tankar om korleis ho vil det skal sjå ut.

– Eg syns det er viktig å ikkje gjere opp meiningar om korleis det skal bli før ein har starta prosessen. No har eg berre meldt mi interesse, så får vi sjå kva eg kjem på dersom eg blir vald ut, seier Holsen.

Ho er veldig imponert over arkitekturen som vann den førre konkurransen, og trur den opnar for mange spanande bidrag.

– Eg trur det vert eit fantastisk flott bygg. Skissene eg har sett av dei som vann arkitekturkonkurransen er veldig inspirerande, seier ho.

Ikkje fokus på lokal kunst

Audgunn Holsen er frå Holsen i Sogn og Fjordane, men trur ikkje ho stiller sterkare enn dei andre deltakarane fordi ho er lokal.

– Dette er ein stor konkurranse med eit prestisjefylt oppdrag som premie, og erfaringar frå tidlegare konkurransar tilseier at komitear og kunstutval vil ha det beste, uavhengig om bidraget er lokalt eller ikkje.