Hopp til innhold

13 ruter på skule skotne med luftgevær

I løpet av påsken skal nokon ha skote med luftgevær mot vindaugsruter på Krohnengen skole i Bergen.

– Vi oppdaga hol i 13 ruter. Eit vitne har sett nokon skyte med luftgevær, seier fungerande rektor Anders Bøhn.

Forholdet blei meld til politiet førre veke, og rektoren fortel at dei har ein konkret mistenkt gjerningsperson.

Det var verken barn eller vaksne til stades på skulen då vindauga blei skotne. Foreldre og elevar blei informert om hendinga i dag.

– Vi vurderer alltid sikkerheita og har beredskapsplanar dersom det skulle skje noko. Vi er ikkje redd for at det skal skje igjen, men må alltid vere i beredskap, seier Bøhn.

Skulen har vanleg drift, og foreldreutvalet skal informerast om hendinga.

Rute skutt i løpet av påsken på Krohnengen skole i Bergen
Foto: Benedicte Sofie Figved