Hopp til innhold

13 pågripne i narkoaksjon

Politiet i Florø har pågripe tolv personar i ein stor narkotikaaksjon. Ein person er også pågripen i Nordfjord.

Nærare ti polititenestemenn har den siste veka pågripe totalt tolv personar for bruk av narkotika.

I tillegg har ein person i Nordfjord blitt pågripen for det same, som følgje av aksjonen i Florø.

Fleire unge tekne

– Vi har i denne omgang hatt fokus på dei yngre brukarane, og har dessverre nok ein gong fått bekrefta at narkotika florerer i byen, seier etterforskingsleiar Jan Bjarte Skrøppa ved Flora politistasjon.

Den yngste pågripne personen var 17 år.

– Vi er svært bekymra og uroa for miljøet i Florø. Det er mange ungdommar som nyttar narkotika, og vi kunne sikkert pågripe fleire personar enn det vi faktisk gjorde, seier Skrøppa.

Han fortel at det er snakk om heilt vanlege ungdommar som går på skule eller er i arbeid.

(Artikkelen held fram under biletet)

Politibetjent Jan Bjarte Skrøppa ved Gaular lensmannskontor.

BEKYMRA: Etterforskingsleiar Jan Bjarte Skrøppa.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Har erkjent bruk

– Ti personar har vegått bruk av narkotika, i tillegg til at det var funne mindre mengde narkotika heime hjå fire av desse, seier Skrøppa.

Det er blitt tatt prøve av dei to siste som ikkje har erkjent bruk, for å avkrefte eller bekrefte bruk av narkotika. Det er skrive ut førelegg på opptil 7000 kroner. Ein person må møte i retten sidan beslaget var over grensa for førelegg.

Politiet utelukkar ikkje fleire pågripingar dei komande dagane.